Gullestad viser til at enkeltkonsesjonar blir omsette for 30 millionar kroner på den opne marknaden.
Også statssekretær i fiskeridepartementet, Ellen Bergli, er tvilande til planane, og kallar dei lite realistiske. Departementet stiller seg avventande til forslaget om å byggje fastlandssamband til Byrknesøy.
-Dette er ein heilt ny måte å gjere det på, og saka må vurderast nøye, seier statssekretær Ellen Bergli.
Administrerande direktør i Firda Mangement, Ola Braanaas, seier dei kjem med tilbodet for å styrke selskapet, men også for å å styrke Gulen som lokalsamfunn.
Sjølv om konsesjonane i utgangspunktet ikkje kostar nokon ting, er dette inga gåvepakke frå Firda Management. Dei har allereie sju oppdrettskonsesjonar på Byrknesøy, som dei har betalt om lag 50 millionar kroner for. Den prisen kjem av at det ikkje har vore delt ut nye konsesjonar i Sogn og Fjordane på lenge. Dermed må dei kjøpast frå dei som har fått konsesjonar før, og det kostar flesk. Neste år skal det delast ut mellom 50 og 100 nye oppdrettskonsesjonar i heile landet. Og Braanaas sitt forslag er ein kreativ posisjonering i kappløpet om dei.
Vegsjef i Sogn og Fjordane, Lars Lefdal, trur det vil bli vanskeleg å takke nei til ein splitter ny veg. Men det er regiondirektør for fiskeri, Rolf Petter Vetvik, som eventuelt skal dele ut konsesjonane. Han er meir tvilande, og seier dette er eit politisk spørsmål.
Derimot er ordførar i Gulen, Trude Brosvik, svært positiv til planane. Bru frå Byrknesøy til fastlandet vil bety ei sluttføring av prosjektet "Fastlandssamband Ytre Gulen", som allereie inneber bruer frå Sandøya og Mjømnen til Byrknesøy.
-Å få sluttført dette er svært viktig for Gulen, seier Brosvik.