Hopp til innhold

Vegstenginga vart ein kamp mot klokka

I dag vart vegen til Oldedalen stengt på grunn av rasfare. I timane før stengingane vart det ein kamp mot klokka for å få varene ut av bygda i tide.

Vegstenging skaper problem

FEKK HASTVERK: Då vegvesenet melde at vegen inn til Oldedalen kom til å bli stengt, fekk Einar Myklebust og sjåfør Hans Bjarte Austestad bråhast med å få lasta trailerane.

Foto: ukjent

Dagens stenging er den fjerde denne vinteren. Einar Myklebust, leiar i utviklingslaget i bygda, meiner det berre er éi løysing på problemet.

– Berre fleire rasoverbygg kan betre situasjonen, seier han.

Skapar problem for dei næringsdrivande

Han har stor forståing for at vegvesenet må stengje vegar når det er dårleg vêr, men seier konsekvensane er store for mange småbygder med rasutsette vegar.

– Dette aktualiserer enno meir behovet for midlar til desse rasutsette vegstrekningane, seier han.

Ikkje minst skaper stengde vegar problem for dei næringsdrivande i bygda. Dei mange bøndene er avhengige av å frakte mjølk inn og ut av dalen, i tillegg sender Olden ut minst tre trailerar med kjeldevatn kvar kveld.

Klokka fire i dag fekk dei beskjed om at vegen vile bli stengt klokka sju.

– Då var det berre å hive seg rundt og laste trailerane opp før vegen vart stengt. Klokka fem på sju fòr den siste av dei tre trailerane ut av bygda, rett før dei sette ned bommen, seier Myklebust.

Møter stengt bom

Men han understrekar at det ikkje berre er dei næringsdrivande som er frustrerte. Alle som skal på jobb eller skule, lever kvar dag med utfordringane av å bu i enden av ein rasutsett veg.

– Dei er minst like viktige som alle produkta som skal ut av dalen, seier han.

Tidlegare var det slik folk sjølve tok avgjersla om dei skulle ta sjansen på å køyre inn og ut av bygda når det var rasfare. Den avgjersla er det no skredekspertane i vegvesenet som tek.

– Vi forstår at dei ikkje vil sende sine operatørar inn i området når vêret er dårleg. Dei tenkjer liv og helse dei òg. Men det har ikkje minska problemet, seier Myklebust.

Fleire vegar stengde grunna rasfare

Det dårlege vêret har fått konsekvensar for fleire fylkesvegar i Sogn og Fjordane. Klokka 21:45 er desse vegane stengde på grunn av rasfare.

  • Fv 664 mellom Fossebakken og Navelsaker.
  • Fv 720 mellom Hjelle og Erdal på strekninga Hjelleøyane - Erdal.
  • Fv 722 mellom Storesunde og Flo.
  • Fv 723 mellom Hogrenning og Bødal på strekninga Bødal - Loen.
  • Fv 724 mellom Sandnes og Rustøyane på strekninga Briksdal - Olden.
  • Fv 241 mellom Gudvangen og Bakka.
  • Fv 152 mellom Ulvastad og Menes.
  • Fv 337 mellom Hafslo og Veitastrond.
  • Fv 55 Esefjorden på strekninga Balestrand - Dragsvik.

Følg med på NRK sine trafikksider for dei siste oppdateringane.