NRK Meny
Normal

Vegstenginga er tung å svelgje for sjåførane

E39 vert stengt til tysdag i neste veke på grunn av rasfaren. Det får yrkessjåførane til å sjå raudt.

Ras E39 Masfjorden

STENGT: E39 er framleis stengt etter raset, og det får fleire yrkessjåførar til fortvile. – Vi taper pengar på dette, seier Lastebileigarforbundet.

Foto: 03030-tipser

– Avgjerda om å stenge den viktige vegstrekninga heilt til tysdag er tung å svelgje for yrkessjåførane, seier leiar Rolf Olav Tenden i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane.

Vert ikkje opna

Torsdag bestemte vegvesenet seg for å stengje riksvegen i Romarheimsdalen heilt fram til tysdag. Faren for fleire ras fører til at dei ikkje meiner det er trygt å opne vegen.
Men for dei som lever av å komme seg fort til og frå, er stenginga ei mare.

Lastebileigarforbundet prøver no å få Statens vegvesen til å opne E39 i Romarheimsdalen for tyngre køyretøy, iallfall på dagtid.

– Ja, vi håpar at vegvesenet kan ta til vett og opne vegen, om ikkje anna enn på dagtid for tyngre bilar, seier Tenden.

Han har hatt ein travel føremiddag med telefonar frå mange sjåførar som fortvilar over situasjonen.

Kvir seg på omkøyringsvegane

– Dei alternative vegane er nesten verre å køyre på enn den som er stengd.

– Kva veg har dei valt å køyre i staden for Romarheimsdalen?

– Dei har prøvd seg på alle desse småvegane. Dei største og mest uerfarne sjåførane seier dei ikkje er særleg lystne på å køyre vegen om Sløvåg og Leirvik. Den er rett og slett for smal.

Tenden viser til at fleire av vegane som dei vert oppmoda om å køyre også er rasfarlege.

– Det er historisk sett større rasfare andre stader enn på E39 ja.

Faren for ras aukar

– Omkøyringsvegane har ikkje same standard som E39 og vi er klar over dette, seier Gunnhild Vangsnes i vegvesenet.

Men ho held fast at stenginga er til alle sitt beste og at det er viktig at folk køyrer forsiktig no.

– Kan det vere aktuelt å opne for tyngre bilar?

– Ikkje i helga. Vi skal gjere ei ny vurdering på tysdag og vi vurderer situasjonen fortløpande.

- Kan vere aktuelt å utbetre dei vegane som no fungerer som omkøyringsvegar?

– Ja, det er også noko vi ser på no. Kanskje få fleire møtepunkt på vegane.

I ei pressemelding vegvesenet sende ut torsdag ettermiddag fortel dei at store mengder snø i fjellet kombinert med regn og mildvêr har auka faren for snøras.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.