NRK Meny
Normal

Vegsamarbeid på kysten

- Kysten av Sogn og Fjordane ligg håplaust langt bak andre deler av Vestlandet når det gjeld vegutbygging, seier Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal. - No må kysten bli prioritert ved neste runde i Nasjonal Transportplan, krev ho.

Bente Frøyen Steindal
Foto: NRK

- Vi stagnerer, og det er på tide at vi kjem inn på vegplanane.

- Håplaust bak

Roger B. Silden.
Foto: NRK

Alle kommunane langs kysten frå Solund til Selje er inviterte til eit målretta samarbeid for å snu den negative trenden. Vågsøy-ordførar Roger B. Silden er glad for initiativet.

- Regionen ligg håplaust langt bak andre delar av Vestlandet når det gjeld vegutbygging. Eg trur vi taper svært mykje her i Sogn og Fjordane fordi vi ikkje har eit nord-sør-samband langs kysten.

Sogn og Fjordane har tidlegare prioritert indre og midtre deler av fylket.

- Alvorleg hinder

- Den nesten totale mangelen på samband nord-sør på kysten i Sogn og Fjordane er eit alvorleg hinder for næringsutvikling i regionen, seier Bente Frøyen Steindal. Ho nemner oljeverksemda som eit døme på ein bransje som har vore hemma av mangel på vegsamband.

Og ønskjelista er lang frå initiativtakaren. Det er ikkje få prosjekt dei ønskjer å få realisert.

- Bremangersambandet må fullførast, vi må få nytt ferjesamband over ytre Nordfjord, vi har Dalsfjordbrua og bru over Førdefjorden.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser