Vegsaltet kan gjere bremsene på bilen din farleg sløve

FØRDE (NRK): Saltinga av vintervegane tærer på bremsene. Har bilen stått i ro ei stund, kan ein ha null bremseeffekt. Men ekspertane har enkle råd som hjelper.

Rusta bremsekvive

DÅRLEG: Eit døme på korleis bremseskivene ikkje skal vere. Brunrusta bremseskiver kan vere farleg, og vegsaltet må ta noko av skulda.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Dette er rett og slett eit grelt eksempel. Her har vi eit godt eksempel på korleis bremseskivene ikkje skal sjå ut. Her har skiva brunrusta. Bilen har stått ei stund, men det er dette som skjer når rusten får lov til å jobbe litt med bremseskivene, seier Øyvind Dvergsdal.

Senterleiaren ved NAF-senteret i Førde viser fram bremseskivene på ein Volvo som står parkert utanfor kontrollhallen.

– Her vil bremseeffekten vere temmeleg drastisk redusert, fastslår han overfor NRK.no.

Rustar vekk

Øyvind Dversdag i NAF

SJOKKERT: Senterleiar Øyvind Dvergsdal hos NAF i Førde finn dagleg rustskadde bremser på bilar som er inne til kontroll.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Den snørike vinteren har ført til omfattande salting av vegane. Piggfrie dekk krev isfrie vegar. I fjor, gjennom det som var ein uvanleg mild vinter, vart det brukt 188 tusen tonn salt på norske vegar, viser tal frå Statens vegvesen. Men saltet har sin pris. Det tærer på bilane sine bremser.

– Vi ser det spesielt på bremsesystem. Bremseskivene rustar veldig fort, og ein ser det på alle delar som skal vere i rørsle. Bremseklo eller kalipper set seg gjerne fast. Rust og skit set seg på, og du får skeivbremsing.

Dvergsdal hos NAF har ser ofte stygge skader som følgje av rustangrep. Skader som kunne tatt liv.

Salting av vei

SYNDAREN: Tonnevis med vegsalt må til når norske vintervegar skal haldast isfrie.

Foto: Berit Roald / Scanpix

– Når vi sjekkar bilane ser vi at også bremserøyra er utsette for rust. Viss ikkje dette blir sjekka jamleg, skal det ikkje mykje til før det rustar hôl. Når vi får bilar inn her og trykker hardare på pedalen enn det folk flest gjer, så ser vi at det går hôl i røret og spruten står av bremsevæske. Det betyr null bremser.

Rådet: – Brems hardt før du parkerer

Men enkle hugsereglar kan hjelpe deg å halde bremsekrafta ved like, også på salte vintervegar. Eit god råd er faktisk å bruke bilen – ofte. Står bilen i ro, med saltlag på bremsene, er du garantert rust.

«Det viktigaste kan vere ei kraftig oppbremsing før ein parkerer bilen»

Ole Bernt Holme, verksmeister hos Frydenbø Bilsenter

Frydenbø Bilsenter i Førde rår verksmeister Ole Bernt Holme bilistar til å ta ei kraftig oppbremsing før ein parkerer for kvelden, og starte på same måte starte dagen med ei god oppbremsing for å slite vekk belegg før ein legg ut på vegen.

– Det viktigaste kan vere ei kraftig oppbremsing før ein parkerer bilen for dagen. Det er eigentleg det viktigaste. For å få varme i bremsene og få bort fukta.

Same ritual bør ein gjenta når ein set seg bak rattet neste dag.

– Det er greitt å ta ein bremsetest og bremse skikkeleg før ein kjem ut på vegen. Så ein ser at bremsene fungerer, seier Holme.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ole Bernt Holme

BER DEG BREMSE HARDT: Verksmeister Ole Bernt Holme hos Fryndebø rår bilistar til å rett og slett bremse av irr og salt som legg seg på bremseskivene.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Volvo-verkstaden har dei siste åra merka auka pågang frå bileigarar som skal ha reparert bremsene.

–Vi ser at det er meir rust på bremsene. Vi har meir skifting av bremseklossar og skiver no enn det har vore tidlegare, stadfester verksmeisteren.

Han åtvarar mot følgjene av å ignorere belegget salt og vegskit legg att på bremsene.

– Det første ein merkar er at det ikkje er effekt når ein trakkar på bremsen. Ein må trakke veldig hardt for at det skal komme bremseeffekt.

NAF: – Kan spare livet ditt

Råda for å unngå bremsesvik er dei same hos Dvergsdal i NAF.

– Det er i dei kritiske manøvrane du verkeleg vil merke det. Når ein må panikkbremse. Då vil det gå til skogs viss det er skikkeleg gale. Så ta ein skikkeleg trykk på pedalen før du legg ut på tur, for å sjekke at det ikkje er svikt i systemet. Det kan spare livet ditt.

Dvergsdal meiner ein bør ha som vane å finne ein trygg stad og teste bremsene, før ein legg ut på vegen.

– Finn ei strekke og pass på at du ikkje har bilar bak deg, og prøvebrems. Det er uansett lurt å gjere for å finne ut om vegen er glatt. Brems aktivt for å få rørsle i systemet og slipt vekk belegget. Det er ein god regel. Og sjå på bremseskivene. Alle veit korleis rust ser ut. Bremseskivene skal vere tilnærma blanke.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Øyvind Dversdal, NAF Senter Førde

MINDRE UTSETT: Tette felgar denne stålfelgen, gjerne kledd med plastkapsel på utsida, gjer at mindre skit og salt kjem inn til bremsene. – Men som vi ser har saltet tært godt på sjølve felgen, seier Øyvind Dvergsdal hos NAF.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Opne felgar gjer bremsene meir utsette

Men alle problem let seg ikkje reparere med litt panikkbremsing. Dvergsdal er ikkje i tvil om at vegsaltet kortar ned bremseskivene si levetid.

– Vi ser bileigarar som skiftar bremseskiver annakvart år, rett og slett fordi dei rustar opp, fortel den erfarne bilkontrolløren.

Og er du blant dei som har lagt litt pengar i store, litt fancy lettmetallfelgar med ope design, så kan det vere greitt å vite at dei gamle, meir tettbygde stålfelgane – ofte kledd med plastkapslar, gjer bremsene mindre utsette.

– Til meir opning det er, til større sjanse er det å få skit og salt inn på bremsene, fastslår Dvergsdal hos NAF.