Hopp til innhold

Veglause utan båtrute i Gloppen

Fleire veglause bygder i Gloppen misser no det einaste båttilbodet sitt.

Båten "Mettenes" har frakta folk, varer og post i ei årrekkje, men skipper Martin Mettenes seier at det no ikkje er lønsamt nok å drive lenger.

 

Jens Skjerdal er skuffa over at han no misser rutebåten. For i fleire år har det nærmast isolerte bygdefolket rundt Hestenesøyra støtta seg på skyssbåten "Mettenes". Men i år ville ikkje båtførar Martin Mettenes lenger drive ruta. Han seier det var for lite inntekter.

Ikkje fleire skuleborn

Han såg tidleg at det kom til å verte vanskeleg. For det var han som på oppdrag for fylkeskommunen skyssa skuleborna. No er det ikkje lenger born i skulepliktig alder. Og trass i at dei vel 13 bebuarane no misser ein del av livsgrunnlaget har dei forståing for valet til Mettenes.

Vanskeleg å seie farvel

Det var òg vanskeleg for skipper Mettenes å seie farvel til båten med same namn. Han seier at han er heilt ferdig med å drive skyssbåt. Difor er det andre som skal inn biletet når nye born i området kjem i skulealder. Då håpar Jens Skjerdal at det offentlege stiller opp og sikrar eit verdig tilbod.