Grunneigarane meiner dei misser verdifull sjøeigedom, og ber Statens Vegvesen om å legge vegen opp mot fjellet slik at strandlinja blir spart. Vegvesenet har på si side sagt at det av fleire grunnar ikkje er mogeleg. Mellom anna fordi vegen ville gått gjennom hagane til tre hus.
Slit for store bilar
25 bedrifter på Raudeberg og tretti i Måløy ber no grunneigarane om å trekkje klagen. Dei har kjempa mange år for å få vegen, og dei slit med store bilar som skal bruke den.
Det etterlengta vegprosjektet skal etter planen starte opp 1. oktober og vere ferdig sommaren 2007. Statens Vegvesen seier dei vil prøve å nå fram med ei minneleg løysing med grunneigarane.