NRK Meny
Normal

Vegjubel i Sogn: – Full jackpot!

LÆRDAL (NRK): Ordførarane i Sogn jublar hemningslaust over Statens vegvesen sin rapport, som slår fast at Hemsedal blir hovudfartsåre mellom aust og vest, med bru mellom Mannheller og Fodnes.

Sogn regionråd
Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Medan han står på Fodnes har Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim (Sp) allereie byrja å drøyme om korleis det blir å sjå på ei bru i framtida.

– Ja, eg må seie det. Dette er ein strålande dag for Sogn, og ikkje minst Lærdal, som blir eit knutepunkt og det å sleppe ferjesamband her i Sogn. Det er rett og slett ein kjempestor dag, seier han.

– Full jackpot!

I dag la Statens vegvesen fram rapporten mange har venta på. Dei har gått gjennom alle fjellovergangane, for å vurdere kor det skal satsast i framtida.

Svaret var at Haukeli og Hemsedal i framtida blir hovudfartsårene mellom aust og vest. På lang sikt inneber det planar om ein 20 kilometer lang tunnel under Hemsedalsfjellet og bru mellom Fodnes og Mannheller, den mest trafikkerte ferjestrekninga i fylket.

Solheim samla fleire ordførarar og følgde pressekonferansen med vegvesenet direkte.

Jan Geir Solheim

ORDFØRAR I LÆRDAL: Jan Geir Solheim

Foto: Jan Christian Jerving

– Eg var spent, veldig spent. Eg var ikkje i tvil om at nokre av anlegga rundt Lærdal skulle vere med i planen. Men at vi både skulle få full satsing på Riksveg 52, fullføring av E16 og bru over Sognefjorden var over forventningane. Det var full jackpot!

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp), følgde også spent med på kva vegvesenet kom med.

– Fleire av prosjekta har peika seg ut som gode objekt, så me hadde ei lita magekjensle på at det kanskje kunne gå slik, men me var veldig letta når me såg det svart på kvitt.

Trur på store ringverknader

Planane til vegvesenet kjem tidlegast med i nasjonal transportplan frå 2018. Begge ordførarane er sikre på at avgjerda frå vegvesenet vil føre med seg mykje positivt på lang sikt.

– Vi blir eit enormt knutepunkt, og trafikken vil auke i åra framover. På grunn av dette, vil eg tru at også andre marknader ser fordelar med så mykje kortare transportdistansar i tid. Eg gler meg til framtida no, seier Solheim.

Ivar Kvalen

ORDFØRAR I LUSTER: Ivar Kvalen

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kvalen, som også er leiar i samferdsleutvalet i Sogn regionråd, er ikkje mindre optimistisk.

– Ein unik moglegheit til å utvikle Sogn, både for næringslivet og fastbuande. Vi blir kopla tettare saman i Sogn og får eit ferjefritt samband gjennom Lærdal. Men det er ein stor dag for heile Sogn og Fjordane, med fullføringa av ferjefritt E39 mot Ålesund.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen