Hopp til innhold

Vegforkjemparar i harnisk over fylkespolitikarane - skuldar dei for løftebrot

Lokalpolitikarar på Møre og i Sogn og Fjordane er fortørna over at Fylkesveg 60 mellom Grodås og Møre grense i Hornindal har ramla ned på prioriteringslista.

Rasar over nedprioritering av veg

OVERRASKA OG SKUFFA: Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad, er ein av dei som reagerer på at fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane har nedprioritert vegen mellom Grodås og Møre grense.

Foto: Montasje NRK

– Eg er voldsomt skuffa over det som fylkespolitikarane no legg opp til. Eg ser det nærast som eit løftebrot, seier fungerande ordførar i Hornindal, Ivar Nygård.

Han er frustrert over at fylkespolitikarane heller vil prioritere 45-minuttsregionen og Førdepakken framfor utbetring av Fylkesveg 60 mellom Grodås og Møre grense i Hornindal.

For i ei årrekkje har vegforkjemparane på Sunnmøre og indre Nordfjord levd i trua at flaskehalsen mellom dei skulle utbetrast. Fylkesveg 60 Grodås – Møre grense har lege høgt på fylket si vegliste.

– Ser ein dette samfunnsøkonomisk, så nyttar det ikkje å ha gode vegar på begge sider av ein kort stubb som nærast er uframkommeleg på visse årstider.

– Den dårlegaste vegen på Vestlandet

Og då Kvivsvegen, som vart opna i september 2012, på plass har det opna seg opp ein ny bu- og arbeidsmarkand på fylkesgrensa. Skal ein få full utnytting av den vegen, må også Fylkesveg 60 prioriterast, meiner Nygård.

Når ein no har fått så mykje veg gjennom Kvivsvegen, bompengefritt – kvifor fortener Hornindal meir veg?

– Den vegen som går gjennom Hornindal er vel den dårlegaste vegen på Nordvestlandet omtrent, svarar Nygård.

Dårleg motteke også på Møre

– Eg er rett og slett veldig overraska, og eg må også seie skuffa, over det eg opplever som ein underleg måte å handtere eit utruleg gamalt prosjekt i Sogn og Fjordane på, seier Jan Ove Tryggestad, senterpartiordførar i Stranda.

Trass gamle planar og skuffelse hjå partikollega i Stranda, er det Senterpartiet med fylkesvaraordførar og gruppeleiar Jenny Følling, som har snudd og gått inn for omprioriteringane.

– Senterpartiet ynskte å halde på prioriteringslista som var lagt tidlegare, men vi må ha fleirtal for dei vedtaka vi skal gjere, og då vart det dette kompromisset vi kunne oppnå saman med Arbeidarpartiet, forklarar Følling.

Forstår du skuffelsen til ordføraren i Stranda?

– Ja, eg har ikkje problem med å skjønne at ein blir skuffa når ein står på ei prioriteringsliste og blir flytta ned.

Vegprioriteringa skal endeleg avgjerast av fylkestinget neste veke.