Hopp til innhold

«E16 ville vorte trygg og god, også utan tunnel»

Den nye E16 gjennom Lærdal ville vorte trygg og god, også utan tunnel, seier Vegvesenet.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

ØKONOMI: Avdelingsdirektør i Vegvesenet, Nils Magne Slinde, peikar på at dei økonomiske omsyna talde sterkt då Vegvesenet kom med sitt forslag til E16-trasé.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tysdag melde NRK at miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, ei veke før regjeringsskiftet i oktober i fjor, trassa tilrådinga frå Statens vegvesen, og avgjorde at delar av E16 gjennom Lærdal skulle leggjast i tunnel.

Det gav ein meirkostnad på 400 millionar kroner. Opphavleg ville Statens vegvesen ha vegen utan tunnelar.

Ville vore fullgode løysingar

Avdelingsdirektør i Vegvesenet, Nils Magne Slinde, seier ei utbetring av eksisterande veg, ville vorte veldig bra.

– I Lærdal, som i alle andre grendelag der det går ein riksveg gjennom, så bur det folk på begge sider av vegen. Det vil vere ein fordel for folk på begge sider å få vegen vekk frå bygda si, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.

Han peikar på at det også må vektleggjast, sjølv om det ikkje slår ut på dei økonomiske samfunnsnytteutrekningane til Vegvesenet.

– Når vi har fremja dei ulike forslaga, både veg i dagen og veg i tunnel, så er det fullgode løysingar både for gjennomgangstrafikken og lokaltrafikken, seier Slinde.

Tok primært økonomiske omsyn

Men Vegvesenet landa likevel på eit forslag om å leggje vegen utanom tunnel, primært av økonomiske omsyn.

– Det var mest grunngjeve ut ifrå økonomiske omsyn. Å byggje veg i dagen er langt billegare både å byggje og å drifte, enn å byggje tunnel. Då vi sende saka frå oss, meinte vi at vi kunne få ei fullgod løysing ved å byggje veg i dagen, seier Slinde.

I eit brev til Samferdselsdepartementet frå oktober 2012 argumenterer Statens vegvesen sterkt for å utbetre eksisterande E16 gjennom Lærdalsdalen. På måten vil ein spare 400 millionar kroner og likevel få ei god løysing som kjem samfunnsøkonomisk klart betre ut. I brevet heiter det mellom anna:

«Konsekvensutgreiinga, og dei tilhøyrande samfunnsøkonomiske analysane, talar sterkt for å ikkje velje tunnelalternativ. Dei tilrådde alternativa for veg i dagen er å sjå på både som ras- og trafikksikre.»

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Liv Signe Navarsete avviser at hun har opptrådt feil ved å ta en telefon til en regjeringskollega for å kjempe for tunnell i hjembygda. Ordfører i Lærdal, Jan Geir Solheim, kan ikke forstå det hvis Stortingets kontroll- og konstitusjonkomité finner noe som har blitt gjort feil i saken.

Ikkje alt går inn i ein samfunnsnytterekneskap

Vegvesenet la også inn gang- og sykkelveg langs E16 i sitt framlegg, for å redusere farane for gåande og syklande langs den sterkt trafikkerte vegen.

– Vi meiner at dei ulike alternativa som var med i sluttdiskusjonen, var fullgode løysingar. Men dei konsekvensane som vi klarar å berekne økonomiske verknadar av, er lette å få inn i eit reknestykke, seier Slinde.

Han peikar på at til dømes utryggleik, barriereverknad og ulemper som ein ikkje får med i ein samfunnsnytterekneskap.

– Dei må også tilleggjast vekt i ein slik avgjerdsprosess som politikarane gjer, etter at vi er ferdige med vårt arbeid, seier Slinde.

Mykje er lettare med tunnel

Tidlegare miljøvernminister, Bård Vegar Solhjell, sine hovudargument for å gå for tunnel var:

– Eg gjekk inn for å byggje ein tunnel gjennom Lærdal fordi vegen elles ville gått gjennom eit område der det bur mykje folk, og der det er skuleveg, seier Solhjell.

Slinde understrekar at det for Vegvesenet sin del er enklare å byggje tunnel enn veg i dagen.

– Når regjeringa ønskjer å bruke dei ekstra midlane som skal til for å byggje ein tunnel, så ser vi også at det er mykje lettare med grunnerverv og samarbeid med lokale myndigheiter å byggje ein tunnel enn veg i dagen. Når storsamfunnet er villige til å bruke så mykje ekstra midlar på prosjektet, så er vi glade for å komme vidare, seier Slinde.

Han legg til at det ikkje hadde vore problem for Vegvesenet å funne plassar å bruke dei ekstra 400 millionane, som ein lang tunnel kostar.

– Vi kunne godt tenkt oss å brukt dei midlane til andre føremål, men det er ei avgjerd som vi må respektere, seier Slinde.