Hopp til innhold

Startar opprydding ved Ylvisåker - vegen blir opna i dag

Oppryddingsarbeidet på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger startar klokka 09:30, opplyser Statens vegvesen.

Store steinar

STORE STEINAR KOM NED: Steinar store som personbilar må fjernast før vegen ved Ylvisåker kan opnast. Statens vegvesen håpar det kan skje i ettermiddag.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

– Geologane har vore oppe og tatt ny vurdering. Dei har funne ut at det ser trygt ut for å starte å rydde. Dei set i gong rundt klokka 09:30, med å få vekk dei store steinane. Og det er eit tungt arbeid.

– Det vil nok tidlegast opne klokka 15. Det er det siste vi har fått høyre, seier kommunikasjonsrådgjevar i Statens vegvesen, Ole Kristian Åset.

SISTE: Klokka 14 melder Statens vegvesen at dei har opna vegen i eitt felt.

Torde ikkje starte rydding fredag

Store steinar dundra ned i vegbana natt til fredag, og geologane som vurderte rasområdet i går vurderte det som for utrygt å starte rydding. Store nedbørsmengder bøtta i går ettermiddag og kveld ned over heile Sogn og Fjordane.

Riksveg 55 er ein sterkt trafikkert veg, og omkøyringsvegane er lange. Det vart i går difor sett opp kriserute med både ferje og personbåt. Åset seier til NRK.no tidleg laurdag at kriserutene med både personbåt og ferje vil halde fram til vegen opnar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras Ylvisåker

MYKJE STEIN: Vegbana vart dekka av stein då raset gjekk natt til fredag.

Foto: Idun Torheim / NRK

– Litt humpete

– Det er store steinar, nokre er så store som personbilar, så dei vil vere tunge å få vekk.

– Det er store skadar på asfaltdekket og store holer i vegen som må fyllast. Det er ein god del arbeid å få vegen i stand. Eg vil nok tru at det blir litt humpete i alle fall, men vi gjer så godt vi kan, seier Åset.