Geolog Odd-Andre Rustad i Statens Vegvesen har vore oppe med helikopter og vurdert fjellsida. Han meiner det er trygt å opne vegen.
Sjå "Ras stengjer vegen til Raudeberg".
Rustad karakter situasjonen som oversikteleg og grei.
- Området der raset losna ser stabilt og fint ut, seier Rustad.
Rasutsett
Helikopter undersøker rasstaden. Foto Rune Kjær Valberg NRK.
Den direkte årsaka til raset i går kveld, var truleg dei store nedbørsmengdene og mykje is i området. Fjellsida over vegbana er svær oppsprokken, og ein må rekne med fleire ras seinare. Likevel vurderer vegvesenet situasjonen som trygg nok til å sleppe trafikken forbi.
- Det er så forsvarleg som det alltid har vore å trafikk forbi her, fordi dette er eit svært kjent område med tanke på ras, seier Rustad. Han fortel at dei har registrert 15 steinsprang på ein 200 meter lang strekning mellom 1996 og 2002.
Det er vedteke å utbetre vegen, og arbeidet med rassikring er planlagt å starte i oktober i år.