Hopp til innhold

Vegen til Lærdal sjukehus opna att

Den eine vegen inn til Lærdal sjukehus er opna igjen, etter å ha vore mellombles stengt på grunn av store vassmengder.

Vegsperring i Lærdal.

SPERRA: Fleire vegar i Lærdal er stengde på grunn av uvêret, også eine brua til sjukehuset er stengt på grunn av vassmengdene.

Foto: Jan Christian Jerving

–Vi har problem med tilkomsten til sjukehuset. Det er stor vassføring, og Øyabrui, den mest brukte brua er det patruljar på. No blir folk og truleg også bilar sleppt over, medan den andre brua, Vollabrui er heilt stengt, sa kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedaltil NRK like før klokka 21.30.

Like før klokka 22.00 blir det opplyst at den eine vegen inn til sjukehuset er opna igjen for trafikk.

Straumen har også vore vekke i området, men skal no vere på plass igjen ved sjukehuset.

– Dersom vi ikkje kjem oss over desse bruene, så er det vanskeleg for oss å få pasientar inn og ut frå sjukehuset, Situasjonen er litt uoversiktleg no, seier Ulvedal.

Flyttar på ressursar

Fleire vegar i fylket er stengde på grunn av dei store vassmassane. Det kan også gjere det vanskeleg for Helse Førde å kome fram til pasientar som treng hjelp.

– Vi jobbar med å omdirigere ambulansar, og flyttar på ressursar i høve situasjonen i Lærdal og Aurland, spesielt. Det kan bli vanskeleg å ta seg fram, seier Ulvedal.