NRK Meny
Normal

Vegen stengt til over helga

Riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes blir truleg ikkje opna att før neste veke.

Store steinar sperrar riksveg 13

STORE: Det var steinar på størrelse med bilar som natt til tysdag hamna i vegbana i Galden på riksveg 13.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Slik det ser ut no vil ryddearbeidet ta heile helga og kanskje og litt av måndagen. Alt vil ikkje vere ferdig når vegen opnar. Difor kan det og bli stengt i kortare periodar etter det, seier avdelingsleiar i Statens vegvesen Svenn Egil Finden.

Svenn Egil Finden

FORSIKTIGE: Svenn Egil Finden seier at Vegvesenet vil vere forsiktige med å arbeide på rasstaden på kvelds- og nattetid, og heller gjere mest mogleg om dagen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Etter eit ras natt til tysdag har vegen mellom Vik og Vangsnes dei siste dagane vore stengt i Galden. Finden fortel at Vegvesenet no held på med å sikre rasstaden og at sjølve vegryddinga truleg kan starte i løpet av dagen.

– Truleg kan vi starte ryddinga så vidt no i dag, men geologane er litt usikre på vêret og kor trygt det er å jobbe ved rasstaden. Difor vil vi vere litt forsiktige med å jobbe der på kvelden og natta. Vi vil prøve å gjere mest mogleg på dagtid.

Færre avgangar

Tilpassing av MF «Sognefjord»

TILPASSA: Onsdag kveld vart MF «Sognefjord» tilpassa kaia i Vik.

Foto: Ole Petter Ramberg

Tysdag vart det sett inn passasjerbåt mellom Vik og Vangsnes og Onsdag vart og ei av ferjene frå sambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes sett inn i kriserute på strekninga. Onsdag kveld vart MF «Sognefjord» bygd om slik at den kan legge til ved kaia i Vik og ved fjøre. Finden seier at kriseruta blir verande fram til vegen opnar.

– Vi kjem ikkje til å gjere store endringar på kriserutene. Dei blir verande til vegen opnar, men no snakkar vi med kommunen for å sjå om vi skal redusere talet på avgangar i helga.