Magnhild Solbakk Hatleseth tykkjer situasjonen er uhyggjeleg. - Det var ein stein som i dag traff straumlinja så det blinka skikkeleg, så vi føler ei uhyggjestemning, seier ho.
Meininga var å bruke eit helikopter til synfaring og spyling av fjellsidene i dag, men det måtte avlysast på grunn av sterk vind.
Rasa heile tida
Hatleseth har 12 melkekyr, og fryktar at melk må kastast om ikkje vegen snart blir opna. Men geolog Odd-Andre Rustad seier det laurdag ikkje var forsvarleg å opphalde seg ved raset, fordi det stadig kom nye steinar og blokker ned frå fjellet.