Hopp til innhold

Vegen stengd: Stardalen er isolert

Vegen til Stardalen i Jølster er stengd, med rundt 80 centimeter vatn over vegen.

Her køyrer dei langs vegen

Foto: Britt-Jannicke Lundal

– Stardalselva har flauma over sopass mykje at det ikkje er mogleg å kome seg fram. Grenda er isolert, seier ordførar Oddmund Klakegg.

Dei har endå ikkje oversikt over konsekvensane.

– Vi trur flaumtoppen er over, så får vi vurdere situasjonen utover kvelden og natta. Men det kan påverke både skulebussar og anna transport, og det er ei stor jordbruksgrend, så dette har nok konsekvensar for dei som bur der, seier Klakegg.

– Er eg litt usikker akkurat no, men trur skuleelevane har kome seg heim for dagen.

– Det er mange store elver i Jølster akkurat no: Får dette andre konsekvensar?

– Det er litt tidleg å seie. Vi har ikkje full oversikt no. Men det er ei bru over Jølstra ved Grimsbø som også er stengt. Der kan det vere skader, men det er for tidleg å seie.

– Vi har hatt mykje vatn før, knytt til snøsmelting. Så her har det nok vore veldig mykje nedbør både her og i fjellet som kjem ned til oss gjennom elvane. Det fører til ein vanskeleg situasjon for mange. Så får vi kor mykje skader det blir i etterkant.

Her køyrer dei langs vegen

Foto: Britt-Jannicke Lundal

10-20 rundballar med elva

Traktor Stardalen flaum

REDNINGEN: Traktoren redda forsyningane til minnestund, og har frakta folk fram og tilbake.

Foto: Britt-Jannicke Lundal

Marit Flatjord jobbar på Stardalen sommarcafe og har merka det godt i dag.

– Vi skulle ha ei minnestund i dag. For det fyrste hadde folk problem med å kome seg til kyrkja. Når vi skulle servere mat i minnestunda måtte vi berre pakke ned og levere med traktor gjennom elva, for å få det til Skei hotell.

– Vi køyrer med traktor for å få folk fram og tilbake no, seier Flatjord.

Elva er no så stor at ho går langt inn på jorda og bøane.

Stardalen isolert

HØGT: Vatnet står snart over vegen ved Bygdetunet, og her skal vere minnestund i dag, skreiv Marit Flatjord då ho la dette bilete på Facebook for fire timar sidan.

– Det fer rundballar med elva, mellom 10 og 20 har fare med elva allereie. Dei er lagde på plass for vinteren, men elva er så stor at ho kjem opp og tek dei med seg.

– Har du opplevd det på den måten før?

– Ein gong tok elva med seg kålrot, då vi dreiv med kålrot. Men eg trur ikkje elva har vore så stor at ho har teke med seg rundballane tidlegare. Det er spesiell situasjon. Det er sikkert 20 år sidan elva var så stor.