Hopp til innhold

Fylkesveg 60 opna igjen etter at semitrailer køyrde seg fast

Ein semitrailer har køyrt seg fast i Utvik, same dagen som vegen endeleg vart opna for tungtrafikk.

Utvik

Klokka 18.13 opna vegen igjen etter bilberging

Laster Twitter-innhold

– Det er ein semitrailer som har køyrt seg fast på vegen som vart opna i dag, seier Lars Erik Karlsen som er prosjektleiar for drift i Vegvesenet i Sogn og Fjordane.

Det er på fylkesveg 60, mellom Utvikstranda og Karistova. Etter flaumen i Utvik i sommar har vegen vore stengd for tungtrafikk, og i dag opna den igjen. Det tok ikkje lang tid før det gjekk gale.

Les også: Lovar gjennomkøyring for vogntog på fylkesveg 60 i Utvik

– Det er jo litt nedtur at det skjer så raskt. Vi har prøvekøyrt vegen med ulike typar semitrailerar, både gode og dårlege. Det er overraskande at dette skjer no, seier Karlsen.

Køyretøyet som står fast skal ha kome ut på noko lausgrus, og der skal hjula ha køyrt seg godt ned i bakken, og til slutt har det stogga heilt opp.

– Vi har bergingsbil på veg, og skal nok få løyst opp situasjonen ganske raskt, seier Karlsen.

Mange bilar i kø

Ein tipsar som har ringt NRK, men som ønskjer å vere anonym, fortel at det begynner å bli ganske lang kø i Utvik no.

– Eg køyrde over bøen for å kome meg forbi køen, men det står mange bilar der no, seier tipsaren.