Hopp til innhold

Vegen som knytte fylket saman

I fleire artiklar skal vi no sjå tilbake på 20 år med Vestlandsrevyen. Den 11.11.11 er det 20 år sidan den første sendinga. Og noko av det største som har skjedd i Sogn og Fjordane på desse åra er opninga av vegen Sogndal-Skei.

Ekspressbuss i bommen i Fjærland 2007
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det var dåverande samferdsleminister Kjell Opseth som skar over snora den 29. oktober 1994. Reisetida mellom Sunnfjord/Nordfjord og indre Sogn vart med eitt redusert vesentleg.

Sjå innslaget i Vestlandsrevyen frå vegopninga:

Video Fylkesleksikon - Opning av Fjærlandsvegen i 1994

Opning av Fjærlandsvegen i 1994

(Og mannen som snakka om vegen i dette innslaget er Kåre Lerum, som var leiar i AS Fjærlandsvegen).

Ferje og langt å køyre

Før 29. oktober 1994 måtte folk køyre Gaularfjellsvegen og ta ferje mellom Hella og Dragsvik, ei reise som i beste fall tok to og ein halv time mellom Førde og Sogndal.

Om vinteren var Gaularfjellet som regel stengt, og då måtte folk køyre om Høyanger. Etter at Fjærlandstunnelen kom i 1986 gjekk det ferje frå Fjærland til Hella, men også denne reisa tok opp mot tre timar totalt. Les om det som skjedde før Fjærlandsvegen vart ein realitet i Fylkesleksikonet - Kampen om tverrsambandet .

Kortare, men dyr tur

Då bomvegen Sogndal-Fjærland vart opna i 1994 kunne folk køyre Førde-Sogndal på under halvannan time. Men det var ikkje billeg, frå starten kosta det 110 kroner å passere utan rabattkort, og dette auka jamnt og trutt til 180 kroner i 2010.

Prisen var i utgangspunktet rekna ut frå kva det kosta å ta bilen med ferja Fjærland-Hella, så på den måten vart det ikkje dyrare å ta seg fram, men dette vart fort gløymt av bilistane.

Gratis første helga

Men første helga etter opninga var det ein stri straum av bilar på vegen, for då var det gratis å køyre, og folk ville teste vegen og om graset var grønare på andre sida. Kunne dei gjere ein god handel i Førde eller Sogndal?

Sjå innslaget i Vestlandsrevyen den 31. oktober 1994:

Video Fylkesleksikon - Opning av Fjærlandsvegen i 1994

Handelsauke etter opning av Fjærlandsvegen

Fjærlandskortet

Dei som budde i Fjærland og som snart vart ein del av Sogndal kommune fekk kjøpe Fjærlandskortet som gav dei rimeleg bompassering dersom dei køyrde vegen ofte. Og andre som køyrde mykje på vegen kunne kjøpe seg rabatthefte.

Opning av Fjærlandsbommen

Kommunalminister Liv Signe Navarsete og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa var til stades då bomstasjonen i Fjærland vart lagd ned etter 16 år med dyr passering. Til høgre Kjell Fodnes, som representerte innbyggjarane i Fjærland.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

Men 2010 vart det siste året med bompengar. Den 26. november i fjor kom to statsrådar for å opne bommen for godt. Vegen var nedbetalt etter 16 år.

Tilbakeblikk i Vestlandsrevyen

I Vestlandsrevyen fredag 28. oktober var det eit innslag som tok føre seg Fjærlandsvegen og kva han har hatt å seie for oss som bur i fylket.

Sjå innslaget frå 28.10.2011:

Video Fjærlandsvegen knytte saman Sogn og Fjordane

Fjærlandsvegen knytte saman Sogn og Fjordane