Hopp til innhold

Vegen over Oldeskaret gjenopna

No får turglade menneske eit nytt tilbod. Den gamle ferdselsvegen over Oldeskaret er restaurert, og tysdag vart stien høgtideleg gjenopna.

Gjenopning av stien over Oldeskaret

HØGTIDELEG OPNA: Ordførar Sven Flo i Stryn skar av snora i Gløvra, eit spektakulært hakk i fjellet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Den gamle ruta mellom Nordfjord og Sunnfjord, frå Melkevoll i Oldedalen til Stardalen i Jølster har tidlegare vore turistattraksjon. Men på grunn av mange farlege og vanskelege parti har stien vore lite nytta dei siste åra.

Sherpaer frå Nepal har i fleire somrar arbeidd med å gjere stien trygg under leiing av Ole Runar Aabrekk. I dag kunne ordførar Sven Flo i Stryn og styreleiar for Jostedalsbreen Nasjonalpark, Ivar Kvalen, klippe snora på kvar sin stad.

– Akkurat slik vi vil ha det

Kvalen seier at det har vore målet til styret i mange år å gjere nasjonalparken meir tilgjengeleg for folk.

– Det har vi eit godt døme på her. Dette er akkurat slik vi vil ha det. Og det var ein fantastisk tur. Det er bratt, men med ei utruleg flott utsikt, og det er absolutt ein tur eg vil tilrå.

Anne Rudsengen, Sven Flo og Ivar Kvalen

NØGDE MED ARBEIDET: Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn, ordførar Sven Flo i Stryn og styreleiar i Jostedalsbreen Nasjonalpark, Ivar Kvalen. Han er også ordførar i Luster. Bak dei ser vi Gløvra.

Oldedøler og stardøler møttest

Jakob Aaberg har budd i Oldedalen i meir enn 70 år. Han seier at vegen over Oldeskaret har vore mykje brukt.

– Bygdefolket i Stardalen og Oldedalen var som naboar, og dei møttest til sommarstemne oppe på fjellet. Dei kunne vere opptil 200 personar samla.

Dette samkvemet resulterte i fleire giftarmål mellom unge menneske i dei to bygdene.

Arbeidet med stien har kosta rundt ein million kroner. Dette er den femte stien der dei har brukt sherpaer, seier Anne Rudsengen.

– Men det må seiast at det var oldedøler som opphaveleg mura opp sti. Og Gløvra er eit kulturminne over tidlegare tilrettelegging for turistar.

Jakob Aaberg og Rune Holen

MED PÅ TUREN: Jakob Aaberg (t.v.) hugsar at stardøler og oldedøler møttest til stemne på fjellet. Rune Holen har vore med på arbeidet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Måtte åtvare mot stien

Inge Melkevoll er eigar av Melkevoll camping i Oldedalen. Han er mellom dei som har vore pådrivarar for å få sett stien i stand.

– Mange av gjestene våre likar å gå i fjellet, og ein del av dei har gått denne vegen. Dei har kome nedatt og vore litt oppøste fordi stien har vore så dårleg. Det vart eit problem at vi i staden for å tilrå turen måtte vi åtvare folk mot å gå der.

– Men tek dei turen no er det noko heilt anna.

– Ein berikelse

Statens naturoppsyn ved Anne Rudsengen og Rune Holen har også jobba mye med prosjektet. Holen seier at det har vore interessant å fylgje arbeidet til sherpaene.

– Dei har ein unik kompetanse på å bygge steintrapper. Dette får dei inn med morsmjølka. Det å vere med dei på eit slikt prosjekt er ein berikelse, seier Rune Holen.

Han håpar at mange no tek turen over Oldeskaret.

Oldedalen og Volefossen

FLOTT UTSYN: Går du stien får du dette utsynet over Oldedalen. Vi ser og Volefossen kaste seg ned mot dalbotnen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK