Normal

Vegen opna klokka 11

– Det var svært vellukka. Dei fekk ned dei lause massane veldig raskt og no er entreprenørane klare til å rydde vegbana. Dette vil også skje veldig raskt, så vegen er klar for opning kl. 11, seier ordførar Noralv Distad.

Ras i Flåmsdalen
Foto: Anders Fretheim

Natt til søndag gjekk det eit ras som sperra Flåmsdalsvegen i Aurland, som heng saman med den populære Rallarvegen. Etter ei synfaring i går kunne arbeidet starte i dag, og det har gått unna fortare enn dei hadde håpa på. Eit helikopter har vore inne for å spyle fjellveggen der raset gjekk.

Noralv Distad

GLAD: – Vi er veldig glade på vegner av alle dei turistane som ferdast i området, seier ordførar Noralv Distad

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi har ein veldig dyktig geolog som har synsfart området. Han gjorde til slutt den vurderinga at dette vil skje raskast og mest effektivt og sikrast ved å bruke spyling. Dette vart utført veldig tidleg i dag, og entreprenørane var i høgste beredskap frå vår side, så her har alle gode krefter spelt på lag, seier Distad.

I første omgang vert vegen opna for gåande og syklande. Det vil altså foreløpig ikkje vere tilgang for dei som skal opp til fellesstølen i Kårdalen med bil.

– Vi er veldig glade på vegner av alle dei turistane som ferdast i området, som ventar på å få gå og sykle i Flåmsdalen. Det er kjempeviktig for våre bedrifter som lev av reiselivet.

– Kva hadde konsekvensen vore om stenginga hadde vorte langvarig?

– Vi jobbar med alternative planar slik som bedriftene sjølve no har nemnt, å lage alternative turar. Vi såg også på moglegheita for å opne vegen på andre sida av elva, så vi var i ferd med å planlegge alternative tiltak, men det hadde jo ikkje blitt det same, så det er svært gledeleg at vi no kan opne vegen att.

Vegopning på Bergum i Førde kommune