Hopp til innhold

Vegen mellom Førde og Askvoll opna etter raset i jula

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fylkesveg 609 er no open etter å ha vore stengd sidan 1. juledag.

Det gjekk eit steinras ved Hundsåna på grensa mellom Førde og Askvoll då orkanen Dagmar herja. Denne vegen var ein av mange som blei stengd på grunn av uveret.

Etter seks dagar kunne vegen endeleg opnast igjen. Fleire av dei som bur ved Kvammen seier dei føler seg nedprioriterte når det tok så lang tid å rydde raset. Dei som skulle til Førde, måtte ta ferje via Eikenes, noko som førde til ein lang omveg.

Måtte spylast med helikopter

Terje Samuelsen i Statens vegvesen seier det har teke lang tid fordi massane måtte spylast ned med helikopter.

– Etterpå måtte vi ha geolog til staden som måtte vurdere rasstaden. No skal det vere trygt å køyre der igjen.

Blei hindra av skodde

Geolog Svein Helge Frækaland i Statens vegvesen seier det var mange vegar og område som måtte ryddast og sikrast etter orkanen. Spylinga i området starta onsdag, men blei delvis hindra av skodde og blei ikkje ferdig før fredag.

– Det spyla området bør drenera i om lag 12 timar før rydding. Rasløpa vart ikkje ferdig rydda før laurdag før middag.

Frækaland seier det måtta takast omsyn til ryddemannskapet si tryggleik.

– Men eg forstår at det er plagsamt med auka pendlingstid og at informasjonen i slike uverstider blir mangelfull mellom anna på grunn av uvisse, seier han.