Hopp til innhold

Båt blei løysinga då vegen forsvann

Då vegen blei øydelagd av fleire skred, var det ikkje anna råd enn å setje seg med finstasen i den vesle båten.

Gerd Astrid, Svein og Lillian Skjerdal

HER GJEKK SKREDET: Gerd Astrid og Lillian Skjerdal i flotte sognebunadar blei frakta av Svein Skjerdal. I bakgrunnen ser du kvar vegen skulle gått.

Foto: Trygve Skjerdal

Laurdag morgon tok fleire skred fylkesvegen til innbyggjarane i Skjerdal i Aurland. Dermed er båt einaste mogelegheit for å komme seg ut av bygda

1. pinsedag er det mange som skulle i konfirmasjon og ein del av gjestene blei frakta i båt laurdag.

Trygve Skjerdal og tre andre tok på seg finstasen og blei frakta med båt i dag. Med seg hadde dei også kaker som skulle serverast i konfirmasjonen.

– Det gjekk veldig greitt, men klart det er litt spesielt med bunad og kakefat i båten. Men samstundes er vi jo vane med at stengde vegar her inne, seier Skjerdal.

Enorme mengder kom ned

Det første steinraset som kom tidleg laurdag morgon var om lag 60 meter breitt. Fleire jordskred som kom i etterkant, gjorde at fleire hundre meter av vegen blei dekka av stein, gjørme og vatn.

Vasstanden i elva var 6–7 meter over det som er normalt nivå. Skreda starta om lag 1300 meter over havet. Geolog Jan Helge Aalbu i Statens vegvesen seier det har gått skred som har laga demning i elva. Denne har brista slik at skreda losna og for nedover i full fart.

(Artikkelen held fram under videoen)

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.

SJÅ VIDEO: Sjå dei enorme mengdene som kjem forbi hytta til Geir Kjos. Vasstanden er her seks-sju meter høgare enn den er til vanleg. Foto: Geir Kjos.

Ser rein og fin ut i dag

Dei 18 fastbuande og sju besøkjande blir utan veg i alle fall fram til 2. pinsedag. Då skal geologen på ny synfaring i området.

Då Skjerdal kikka mot elva tidlegare i dag, såg det ut til at det hadde stabilisert seg.

– Elva rann rein og fin i dag. Det ser ikkje ut til at det har kome ned meir frå fjellet, seier han.

Statens vegvesen har heller ikkje fått opplysningar i dag om at det har rasa meir.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

Trur det er store skader

Trygve Skjerdal er spent på vurderinga til geologen som skal sjå på skredfaren i morgon. Han trur det har blitt ein del skader på vegen.

– Det ser ut til at det blir ein stor jobb å få vegen i stand igjen. Det ser ut til at ein del av vegbana er vekkriven. Det blir spennande å sjå kva dei finn ut i morgon, seier han.

Dei var fire som reiste frå Skjerdal i dag, medan det er 10–11 som skal heim att i kveld.

– Heldigvis tek turen berre ti minutt og båten går i skytteltrafikk til alle er vel heim att, seier han.