Hopp til innhold

Fryktar det kan rase meir - torer ikkje opne i dag

Det er stor fare for at det kan kome ned meir jord- og steinmassar frå fjellsida på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger. Vegvesenet torer difor ikkje å opne vegen att i dag.

– Geologane har gjort ei vurdering av rasområdet, og dei meiner det er for risikabelt å opne vegen att i dag, seier Per Ove Fossheim som er prosjektleiar i Statens vegvesen.

Riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger har vore stengd sidan seint torsdag kveld då bilistar oppdaga store steinmassar i vegbana. Steinane har losna frå vel 200 meter oppe i fjellsida, og spreidde seg utover eit område på vel 100 meter.

Geologar har fredag teke seg til fots opp langs rasløpet, og det dei har sett har gitt grunn til uro.

– Det er større jord- og steinmassar som har kome ned fjellsida, og det ligg framleis ein del att i rasløpet. Det er no venta mykje nedbør, og når desse massane blir bløytte opp kan det vere fare for at det kjem ned meir, seier Fossheim.

SISTE: Vegvesenet set opp kriserute mellom Hella og Kaupanger. Den første ferja går frå Hella klokka 12.

(Artikkelen held fram under biletet)

Riksveg 55 blir ikkje opna att på rasstaden ved Ylvisåker mellom Sogndal og Leikanger. Slik ser rasstaden ut frå sjøen.

KAN KOME NED MEIR: Vegvesenet fryktar at det kan kome ned meir jord- og steinmassar. Dei torer difor ikkje å opne vegen i dag.

Tek ingen sjansar med vêret som er meld

Det er meldt svært dårleg vêr i Sogn og Fjordane i helga. Ifølgje meteorologane kan det kome ned så mykje som mellom 50 og 80 millimeter med nedbør per kvadratmeter det neste døgnet.

Det kraftige lågtrykket er dårleg nytt for Vegvesenet, og dei må no ta sine førehandsreglar for å sikre både eige mannskap og bilistane.

– Geologane har gått langs rasløpet, frå vegen og opp til sleppområdet som ligg vel 200 meter over vegen. Totalvurderinga deira er at det er for risikabelt å opne vegen sidan det kan kome ned meir rasmassar. Med dei nedbørsmengdene som er varsla tek vi ingen sjansar, seier Fossheim og legg til:

– Vi må gjere kontinuerlege vurderingar av risikoen, og det blir ikkje starta med vegrydding her med det første. Vi må vere sikre på at det er trygt for dei som skal rydde før dei kan starte med arbeidet.

Frykta bilar kunne vere sopa på fjorden

Den første meldinga om raset kom klokka 23.15 torsdag kveld. Entreprenøren som kom til for å sjå på raset kunne fortelje om store steinmassar som hadde dundra ned på riksvegen i området mellom Ylvisåker og Ølmheim.

Ein del autovern på staden skal vere treft av steinmassane. Dei største steinane skal vere store som personbilar, og ein frykta ei stund at bilar kunne vere tekne av raset.

Det vart gjort søk i rasområdet, også i fjorden like vel, men det er ingen ting som tyder på at bilar vart sopa på fjorden, opplyser politiet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Riksveg 55 er stengd av eit ras ved Ylvisåker mellom Sogndal og Leikanger. Raset gjekk seint torsdag kveld og det skal ligge stein over eit område på vel 100 meter.

– Dette er svært skremmande

Riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger er mykje nytta av pendlarar, og det er ein sterkt trafikkert veg. Mange bilistar NRK snakka med fredag morgon gav uttrykk for at det var skremde over omfanget av raset.

– Det hadde ikkje vore mykje att av bilen om nokon hadde blitt trefte av raset, seier Tommy Slinde som køyrer forbi rasstaden fleire gonger kvar dag.

Også Svein Jarle Holsæter er skremd over synet som møtte han tidleg fredag morgon.

– Det går mykje bilar her, og det er flaks at det ikkje var bilar her då raset gjekk, seier han til NRK.

Set inn kriserute

Folk som skulle køyre vegen mellom Sogndal og Leikanger må no finne alternative måtar å komme seg fram på. Det er lange omkøyringsvegar for dei som vel det.

Vegvesenet har difor sett opp ei kriserute mellom Hella og Kaupanger.

– Vi har sondert muligheitene for å få til ei kriserute frå Hella til Kaupanger, og det har vi fått ordna, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Per Ove Fossheim.

Av omkøyringsvegar er moglegheitene om Lærdal-Vinje-Vikafjellet-Vik og ferje over fjorden til Balestrand. Men på Vikafjellet er det fredag føremiddag kolonnekøyring, og vegen kan bli stengd på kort varsel melder Statens vegvesen. Det andre alternativet er om Skei-Førde-Vadheim-Balestrand.

Eit alternativ kunne vere å køyre via Skei og vidare mot Førde, men ta av og køyre fylkesveg 13 over Gaularfjellet. Men klokka 11 fredag melder Vegvesenet at vegen her er stengd grunna uvêr og ikkje blir opna att i dag.

Riksveg 55 stengd etter ras ved Ylvisåker

RAS: Raset har gått mellom Ylvisåker og Ølmheim.