Hopp til innhold

Vegdirektoratet: – Tunnelane er trygge

Ingen av dei 33 undersjøiske tunnelane i Norge tilfredsstiller dagens EU-krav. Likevel meiner Vegdirektoratet at trafikantane er trygge.

Arild Petter Søvik, sjefingeniør i Vegdirektoratet

SKAL VERE TRYGGE: Arild Petter Søvik, sjefingeniør i Vegdirektoratet, meiner trafikantane ikkje har grunn til å uroe seg over tryggleiken i norske tunnelar.

Foto: Montasje / NRK

– Tunnelane er utstyrte med tryggleiksutrusting, slik at dei skal vere trygge for publikum, seier sjefingeniør Arild Petter Søvik i Vegdirektoratet.

Norge har frist til 2019 med å gjere utbetringar slik at tunnelane tilfredsstiller krava som er sett. Søvik seier vegvesenet vil sette inn store ressursar for å nå det målet.

– Vi skal bruke 8 milliardar på 200 tunnelar for å tilfredsstille forskriftene, seier han.

Inne i Skatestraumtunnelen

Uavhengig av dette gjer vegdirektoratet heile tida risikoanalysar og tek grep når det er naudsynt, seier han.

I tillegg har dei nettopp laga ein strategi som skal legge til rette for at trafikantane skal kunne berge seg sjølve ved ulukker i lange eittløps vegtunnelar. Denne strategien vil bli lagt fram for departementet like over sommaren.

I mellomtida rår sjefingeniøren publikum til å ikkje vere uroa.

– Tunnelane våre er trygge. Der det er potensial for store ulukker har vi utrusting som skal sørge for tryggleiken ved denne type hendingar, seier han.

Tunnelbrann i Skatestraumtunnelen
Foto: NRK.no-tipsar