NRK Meny
Normal

Vegbøner frå Nordfjord

Både Stryn, Gloppen og Eid har siste dagane vendt seg til Samferdsledepartementet for å få vegprosjekta sine inn i statsbudsjettet som kjem 6. oktober.

Olden-Innvik
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Stryneordførar Nils Støyva var først ute og minte om at han treng 11 millionar kroner neste år for å halde fram med utbetringa av RV 60 mellom Olden og Innvik.

 

- Fylkestinget har gjort eit vedtak der dei peikar på at ein må fullføre eit arbeid som er påbegynt med ei utbetring i Holen mellom Olden og Innvik, og det har eg mint samferdsleministeren på. I desse statsbudsjettidene har ordføraren ei oppgåve, og det er å minne om lokale prosjekt som det er mogeleg å få inn i statsbudsjettet.

Vil ha ny Lotetunnel

Og sist fredag reiste ordførarane i Gloppenog Eid til hovudstaden med bøn om pengar til ny Lotetunnel på E39. Det har vore fleire døsdsulukker ved utgangen av tunnelen på Lote-sida, den siste i sommar. Vegvesenet har difor planlagt utbetring av tunnelen i begge endane til ein kostnad av 57 millionar, og håpar på pengar som gjer det mogeleg å gjere arbeidet i 2008. Men Lotetunnelen er for låg for tungtransporten, og det er rasfarleg på Lote-sida. Difor er det betre å godt og vel doble summen og få ny tunnel, seier Eid-ordførar Sonja Edvardsen.

- Det ligg føre planar frå vegvesenet om ein tunnel frå opninga på Nordfjordeid-sida som kjem ut litt lengre nede på Lote-sida. Gjennom dette byggjer vi tunnelen ut av det rasfarlege området, slik at vi tek to saker under eitt. Dette kostar 140 millionr kroner.

Utbetring på Anda

I tillegg har det lenge vore krav om halvtimesferjer på Lote-Anda, og det krev utbetring av kaien på Anda. Problemet er at fylkestinget ikkje har prioritert desse investeringane. Men ordførarane peikar på at dette gjeld stamvegar, og då er det Stortinget som prioriterer.

- Det er ein del spesifikasjonar som gjeld for ein kyststamveg, og dette er heilt klart ein flaskehals som står igjen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.