Hopp til innhold

Vegen skadd då steinblokk trefte vegbana

Fredag ettermiddag kom ei stor steinblokk ned og trefte vegbana ved Skjersura mellom Årdal og Ålhus på E39 i Jølster. Vegbana og rekkverket er skadd.

Skjersura

SKADD: Både vegbana ut mot Jølstravatnet og rundt 20 meter av rekkverket mot vatnet er skadd.

Foto: Inger Margrethe Bjaanes

– Vi fekk melding om at ei stor steinblokk kom ned. Det ligg også ein mindre stein like utanfor køyrebana. Det har og kome ein del masse som har øydelagd rekkverket, seier Ketil Molvær i Statens vegvesen.

– Ein rimeleg stor stein

Meldinga kom til vegvesenet klokka 14.21. Vegen var ein periode heilt stengd, men er no opna for dirigert trafikk.

– Det har vore store kødanningar på begge sider. Det er fredag og folk har vore litt irriterte. Det har vore litt lite informasjon i køen, men køane har byrja å gi seg no, seier Molvær.

Jannike Kleppe og Erika Louise Virtanen køyrde forbi etter vegen vart opna for trafikk att, og seier steinen var stor.

– Han var rimeleg stor, like stor som heile panseret på bilen. Dei driv og dirigerer køen no, seier Kleppe.

Artikkelen held fram under biletet)

Skjersura

SKADD REKKVERK: Både frå steinblokka og mykje lausmasse som kom ned samstundes.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Rasutsett område

I fjor haust vart det gjort sikringstiltak i fjellsida over E39 ved Skjersura. Punktet har ein del oppsprukke fjell. Den siste tida er det rydda ein del skog for å leggje til rette for gjerda.

Også dei siste tre vekene har Statens vegvesen arbeidd i Skjersura og reinska fjellsida. Difor har vegen vore stengd i periodar mellom 07 på morgonen og 18 på kvelden. Vegen var stengd då steinen kom ned.

– Trafikantar var aldri i fare. Trafikken er no dirigert på ei køyrebane, og køyrebana ut mot vatnet er skadd. 20 meter av rekkverket manglar, og store mengder stein for ut i fjorden, seier Inger Magrethe Bjaanes, trafikkdirigent for Norsk Bergsikring.

– Blokka måtte ned

Skjersura

LANGE KØAR: No er det dirigering på staden, og køane byrjar å forsvinne.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Bjaanes fortel at fjellklatrarane jobbar med å ta ned lausmasse, og at det nødvendigvis vil ta med seg stein.

– Det var sjølvsagt ikkje planlagd at vegen skulle ta skade. Men dei vil ha ned alle farlege steinar, og denne steinen kunne vore ein fare seinare i haust eller i vinter.

Akkurat no vel har dei byrja å reparere skadane, fortel ho. Prosjektleiaren for oppryddingsarbeidet, Lars Erik Karlsen, seier dei ikkje hadde noko val.

– Blokka måtte ned, og den hadde komme ned uansett. Det føregår kontrollert fjerning av lausmasse, seier han.

Trafikkdirigent Bjaanes oppmodar trafikantane om å følgje den mellombelse 50-sona. Ho seier mange køyrer veldig fort i området, og ber folk vere meir tolmodige.