Hopp til innhold

Vegard stod ansikt til ansikt med ulv

Plutseleg såg bonde Vegard Hellem eit stort dyr, berre 40 meter frå garden. Han er heilt sikker på at det var ein ulv.

Vegard og Rune Hellem

I morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane kunne Vegar Hellem fortelle om ulven som lurte like ved dyra.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

– Eg hadde kalvar gåande på bøen, og så skulle eg ha meg ein runde og sjekke. Eg klappa og prata litt med dei, og så såg eg dette dyret over vegen, seks–sju meter framfor meg, seier Vegard Hellem.

Det var skumring då han såg ulven, klokka var litt før 20. Bonden møtte på ulven 40 meter frå garden i Lavikdalen i Ytre Sogn.

– Eg skjønte det ikkje heilt med ein gong. Men det var ei spesiell oppleving.

Dei siste månadene har sauebønder i fjellområda mellom Ytre Sogn og Sunnfjord funne stadig fleire sauekadaver. Fellingsløyve er gitt, og jakta på ulven har pågått i fleire veker allereie.

– Han har sikkert vore på utkikk etter kalvane, seier Hellem.

– Men korleis kan du vere så sikker på at det var ein ulv?

– Det var eit stort dyr, det sprang fort, og var grå- og brunaktig. Så store revar finst ikkje. Eg er heilt sikker, seier han.

Hellem er blant dei som har lisens til å jakte på ulven, men trur ikkje det hadde gjort ein stor skilnad om han hadde hatt våpenet der og då.

– Det skjedde så fort, så eg trur ikkje eg hadde hatt sjanse til å skyte han. Det var i grunnen for mørkt også.

Vanskeleg å drepe

Stein Mortensbakke er fellingsleiar i området. Han reknar det som sikkert at det var ein ulv.

– Det er naturleg at ulven vil nærme seg innmarksbeite og hus i desse tider. Ein synsobservasjon er aldri 100 prosent, men dette meiner vi er ein sikker observasjon, seier han.

Tidlegare har Statens naturoppsyn sagt til NRK at det kan bli vanskeleg å få has på ulven.

– Dersom ulven har vore der ute over tid, så har han også lært seg til å kjenne området veldig godt. Han er veldig sky for folk og han har veldig god kontroll. Han er nok vanskeleg i å kome i posisjon til å få ei god felling på, sa rovviltansvarleg Rein Arne Golf i SNO då.