Hopp til innhold

Idol-Vegard sjarmerte seg vidare med røff låt

Etter fredagens sending er Vegard Leite (19) frå Værlandet blant dei fem finalistane i Idol.

Vegard Leite Finalist

EITT STEG NÆRARE: Vegard Leite er hakket nærare ei platekontrakt med Universal.

Foto: Thomas Reisæter / Idol 2011 fra fjerde finalerunde

I kveldens Idol-sending song deltakarane filmmusikk. Vegard Leite framførte songen «Life is a Highway» av Rascal Flatts, henta frå animasjonsfilmen «Biler».

Tidlegare har dommarane bedt 19-åringen frå Værlandet både om å bli tøffare og endre låtval, men i dag hadde pipa fått ein annan lyd. Berre Marion Ravn ønskte seg noko anna frå Leite.

Rosar Vegards låtval

– Etter første audition var du favoritten min, men eg saknar Vegars dom syng Chris Medina og fine poplåtar. Så eg håpar eg får sjå det snart, for no nærmar vi oss slutten, sa Ravn.

Verdsstjerna Chris Medina, som vart kjend for songen «What are Words» har tidlegare sagt at han tykkjer svært godt stemma til guten frå Værlandet.

Å endre Vegard er som å setje vinterdekk på ei tomat

Hans Erik Dyvik Husby

– Du vel songar som passar deg, og det får du berre halde fram med. Så får vi sjå kor lenge det norske publikummet held følgje, sa Bertine Zetlitz.

Legg ned peikefingeren

Hans Erik Dyvik Husby, som ved fleire høve har etterlyst ein røffare stil hjå Vegard, smilte breitt under fredagens sending.

– Å endre Vegard er som å setje vinterdekk på ei tomat, og det er både tidkrevjande og meiningslaust. Hald fram og ver deg sjølv, det er kjekt, sa Dyvik Husby, som roste framføringa.

– Gå mann, så kjekt eg har det no. Eg legg ned peikefingeren. Du, Vegard, er best på å vere det sjølv, sa Gunnar Greve.

Han har tidlegare skulda værlendingen for å vere både harry og ein typisk pubartist.