Hopp til innhold

Han skal erstatte Babacar Sarr

Åsane-kaptein Vegard Leikvoll Moberg er klar for Sogndal. Debuten kan komme allereie mot Bodø/Glimt på søndag.

Vegard Moberg

KLAR FOR SOGNDAL: Vegard Leikvoll Moberg er allereie i trening med Sogndal.

Foto: RUNE SJOEBERG / SOGNDAL FOTBALL

– Då Baba forsvann til Molde, måtte vi ha ein erstattar. Vegard var førstevalet vårt.

Det fortel Sogndal-trenar Eirik Bakke. På onsdag vart det klart at midtbanejuvelen Babacar Sarr tek steget til Molde. No har Sogndal allereie erstattaren på plass.

– Vi har berre jobba med overgangen i ein dag, og det har vore hektisk, fortel Bakke.

Då Sarr forsvann, trengde dei ein ny spelar. Heldigvis har Sogndal følgd Moberg ei god stund.

– Vi har hatt forskjellige folk i kikkerten, men vi ville ikkje gjere noko før Baba vart seld. Det har vore 24 hektiske timar, men eg vil ikkje kalle det eit spontankjøp.

Håpar han kan ta større steg

– Vegard er ein spelar som har spelt godt for Åsane. Han var god i fjor, og har vore endå betre i år, fortel Bakke.

25-åringen har signert ei kontrakt som strekk seg ut 2018. Bakke trur han er klar for spel i eliteserien.

Eirik Bakke og Vegard Moberg

GLAD FOR RASK AVKLARING: Eirik Bakke heiv seg rundt og signerte Vegard Moberg frå Åsane.

Foto: RUNE SJOEBERG / SONGDAL FOTBALL

– Han har fått utvikla seg godt i Åsane. No passa det bra at han har kome til eit betre lag i ein betre liga. Eg trur han er klar til å ta steget, og han kjem til å bli betre og betre etter kvart som han får trene meir med oss.

Kan få debut mot Bodø/Glimt

Moberg rakk å trene med Sogndal fredag, og no kan det gå mot at han får sine første minutt i Sogndal-drakta allereie mot Bodø/Glimt på søndag.

– Han er aktuell for troppen, men han har hatt ferie i to veker. Vi får sjå litt kva forfatning har er i, seier Sogndal-trenaren.

Moberg er den andre spelaren som har signert for Sogndal denne veka. Frå før har Henrik Furebotn returnert til Fosshaugane. I tillegg har fleire spelarar forlate klubben på utlån.

– Med Vegard og Henrik inn har vi fått ei solid midtbane. Det har vore litt ut og litt inn i sommar, men det er slik det skal vere, fortel Bakke.