Vegard (27) kan vinne nok ein prestisjetung fotokonkurranse

Med sitt spektakulære bilete frå Hodlekve, kan sogningen Vegard Aasen ende opp med eit X Games-gull. Det er meir enn han nokosinne har turt å drøyme om.

Hodlekve

PÅ HEIMEBANE: Biletet har Aasen tatt ein stemningsfull kveld i Hodlekve.

Foto: Vegard Aasen

– Det er ein frykteleg stor konkurranse, så dette er veldig gøy, seier Vegard Aasen.

Saman med kompis og kollega Knut-Hendrik Lajord, er sogndølen nemleg ein av seks finalistar i fotokonkurransen X Games Zoom.

Der kan han vinne ein god pengepremie – og ikkje minst eit X Games-gull.

– Gullet er ekstra stas, det er artigare enn pengar. Men så skal det mykje til å vinne da, det er fem knallgode konkurrentar, seier han.

Drøymejobben

Men Aasen har gjort seg synleg innan sport- og ekstremsportfoto før. I 2016 vann han mobilkategorien i nok ein prestisjetung fotokonkurranse.

For det er dette han likar å drive med – friluftsliv og fotografering.

– Å kombinere film og foto med å vere ute er eit forsøk på å skape drøymejobben, seier han.

Vegard Aasen

STORT: – Det er stort å være finalist i denne fotokonkurransen, seier Vegard Aasen frå Sogndal.

Foto: Privat

Bilete han no er nominert med er tatt i godt kjende omgivnadar i Sogndal skisenter. Der køyrer han stadig vekk forbi ein iaugefallande arkitektteikna hytte, når han er ute på ski.

– Taket ser ut som ein bratt bakke, og eg tenkte det kunne egna seg som eit hopp. Eg nemnde det til han som eig hytta, og han vart supergira. Utan han hadde det ikkje blitt noko bilete, fortel Aasen.

Grillrøyk og stjernehimmel

Hytteeigaren vart dermed pådrivar for heile prosjektet. Han hjelpte Aasen og Lajord å bygge eit stillas på toppen av taket, og ikkje minst sette han prikken over i-en på biletet, då han grilla pølser til dei to gutane.

– Det ser ut som tåke, men det er faktisk røyk frå grillen. Det var veldig hyggeleg, men også flaks at røyken seig fram der, seier Aasen.

Sjølv fotograferte han, medan Lajord tok fart frå det tre meter høge stillaset og hoppa utfor kanten av hyttetaket. Resultatet skulle vise seg å bli godt nok for ein av verdas største fotokonkurransar.

– Betyr mykje

Ein jury plukka dei ut til finalen, men no er det opp til folket å stemme. Det er solide namn i fotobransjen dei konkurrerer mot, så dei blir ikkje skuffa om dei ikkje vinn.

– Det betyr mykje berre at folk legg merke til det og ser at vi kan levere. Ein kan ikkje få ein betre stadfesting på at vi gjer kule ting, seier Aasen.

Vegard Aasen

FRILUFTSFOTOGRAF: Vegard Aasen prøvar å skape drøymejobben med foto og friluftsliv.

Foto: Vegard Aasen