NRK Meny
Normal

Vegar kan bli stengde langt ut på dagen i dag

Statens vegvesen har sett krisestab for å få oversikt over situasjonane. – Det kan gå langt ut på dagen før E39 opnar, seier regiondirektør Svenn Egil Finden.

Krisestab i Vegvesenen

KRISESTAB: Kai Jonny Bugjerde (f.v.), Lars Karlsen og Margot Åsebø er samla for å følgje situasjonen på vegane.

Foto: Silje Guddal / NRK

Margot Aase Åsebø

VARSEMD: Margot Åsebø i Statens vegvesen ber folk køyre forsiktig sjølv om vegane no opnar att.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ferjene går som normalt og i morgontimane var svært mange vegar stengde i Sogn og Fjordane.

Utover dagen har fleire av vegane opna. Men dei som skal køyre E39 mot Lavik må velje andre alternativ.

Steinras i Avenbukta

AVENBUKTA: Det var ikkje passasje etter steinraset i Avenbukta.

Foto: Statens Vegvesen

– Vi har hatt geolog på synfaring og klatrarar er no på veg opp fjellsida for å sikre rasløpet før vi kan rydde vegbana. Vi må komme tilbake med meir informasjon om når vegen kan opnast, seier seksjonsleiar Margot Åsebø.

Kan bli stengt lenge

Raset ved Drægebø gjekk tidleg på ettermiddagen fredag. Steinane har losna i 80 meters høgde. Ein lastebil vart treft av raset, men ingen personar kom til skade. I Avenbukta var det ikkje passasje etter steinspranget som kom frå 100 meters høgde.

– Avenbukta blir vurdert opna i løpet av ettermiddagen, seier Åsebø.

Asfaltbil treft av ras på E39

STENGT: Ein anleggsbil vart treft av steinraset fredag ettermiddag. Mykje av laurdagen vil gå før E39 opnar att ved Dregebø.

Foto: Eirik Markeset / Statens vegvesen

Sør for Sande låg ein fiberkabel over vegen, men her har ein fått til ei ordning som gjer at vegen snart kan opne att. Det er også avdekka manglande kommunikasjon til ei rekkje tunnelar. Dette blir det jobba med.

Mange stengde vegar

Det er også byrja å løyse seg for fjellovergangane. I morgontimane var det avgrensa med moglegheiter for dei som ville inn, eller ut av fylket.

Svenn Egil Finden

KRISESTAB: Regiondirektør Svenn Egil Finden seier Statens vegvesen no jobbar for å få oversikt over situasjonen på vegane.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er mykje stengt. E39 er ope inn til Lavik, men så er det stengt nordover. Der har ein omkøyring på fylkesveg 57 via Dale. Frå aust er det kolonne på Hemsedalsfjellet og Filefjell. Det blir ny vurdering av Strynefjellet klokka 10. Frå nord har du E39 frå Ørsta/Volda og sørover til Nordfjordeid, opplyste Finden.

Køyr forsiktig

Åsebø oppmodar folk om å køyre forsiktig, sjølv om vegar no blir opna.

– Det kan vere tre som er kappa ganske nær vegbana, og det kan framleis vere nedfall som ikkje er rydda vekk. Så folk bør vere veldig forsiktig når dei no beveger seg ut på vegane, seier ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser