NRK Meny
Normal

Veg var stengd etter trafikkuhell

Fylkesveg 4 i Gulen var ei stund stengd like ved Mjåsundbrua, mellom Sandøyna og Mjømna på grunn av eit trafikkuhell. To bilar og to personar var involverte.

Laster kart, vennligst vent...

– Vi fekk melding klokka 06.35 om ei trafikkulykke like ved Mjåsundbrua. Det er to køyretøy involverte og to personar, seier operasjonsleiar ved Politidistrikt Vest, Arve Samsonsen klokka 07.15.

Klokka 07.30 melder politiet på Twitter at ambulanse er framme på staden og at det ikkje skal vere snakk om personskade. Det er også mindre materielle skadar på køyretøya.

Ulykka har skjedd i ei 80-sone.

Vegen vart opna for fri ferdsle like før klokka 08.