Hopp til innhold

Veg stengd over natta etter steinras

Eit steinras gjer at fylkesveg 691 er stengd ved Ommedalsvatnet i Gloppen kommune, like sør for Hyen

Ommedalsvatnet

SISTE KL 08.30: Vegen er rydda og open, opplyser Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Ifølgje Statens vegvesen er vegen stengd til laurdag klokka 08.00, då ei ny vurdering vil bli gjort.

– Ein bilist melde frå om raset, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen til NRK.

Ingen personar eller bilar vart tekne eller skadde i raset.

– Det er ei stikkerenne som var fylt opp som ikkje kunne ta unna steinane som kom. Steinane har dermed gått over vegen og ikkje i renna, Molvær.