Hopp til innhold
Geolog Harald Hauso på E16 ved Stanghelle
Foto: Marthe Njåstad / NRK

Veg og vêr 26. januar

Oppsummert

E16 opna igjen etter raset ved Vaksdal tysdag.

  • Valdresflye opnar fredag

    Fylkesveg 51 over Valdresflye blir brøyta opp og skal etter planen vere klar for trafikk fredag 31.mars klokka 12.

    Vegen blir nattestengd mellom klokka 20 og 08 ei tid framover. Ved uver, kan vegen bli stengd på kort varsel.

    Høge brøytekantar

    - Det er normale snømengder i fjellet langs fylkesveg 51 i år. I snitt er brøytekantane rundt 1,5 meter høge, men dei høgaste er på fire meter, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune.

    - Arbeidet med å brøyte opp den vinterstengde vegen har gått etter planen og vegen kan opnast til påske. Det ser ut til å bli gode tilhøve på Valdresflye i palmehelga, seier Ødegård, som oppmodar trafikantene om å følgje med på skilting og parkere slik at dei ikkje hindrar trafikken.

    Fylkesveg 51 Valdresflye blir brøyta og opna
    Foto: Håvard Ødegård