NRK Meny
Tor-vågsoy
Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Veg og vêr

Oppsummert

Ekstremveret "Tor" har no nådd kysten av Sogn og Fjordane. Styresmaktene ber folk vere varsame. Hald deg oppdatert her, og send oss gjerne bilete og videoar om du har på 03030@nrk.no eller sf@nrk.no. Har du tips kan du også melde oss på Facebook.

  • Køkaos på E39 ved Jølstravatnet

    Ein innringar har tipsa om at det er mykje kø og til tider kaos på den lysreguleringa langs Jølstravatnet som ligg nærmast Førde. Det skal vere dårleg veg med mykje holer i og somme stader mykje overflatevatn i området.

  • Nedgang for Gaularfjellet

    Færre trafikantar køyrde over Gaularfjellet i år enn i fjor. I høgsesongmånaden juli – køyrde det i år i snitt 407 køyretøy over Gaularfjellet kvart døgn samanlikna med 484 i fjor, skriv Sogn Avis. Strekningsansvarleg for nasjonal turistveg Gaularfjellet, Therese Ruud i Statens vegvesen, seier til av avisa at nedgangen er naturleg då det nye utsiktspunktet som opna i fjor nok drog litt ekstra folk det første året.

  • Grove brot på køyre- og kviletida

    Ein utanlandsk vogntogsjåfør vart meld til politiet for grove brot på køyre- og kviletida då han vart stoppa i ein kontroll på Håbakken i Lærdal i går. Sjåføren mangla og yrkessjåførkompetanse. To vogntog fekk og overlastgebyr og måtte losse deler av lasta, opplyser Statens vegvesen.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast