Hopp til innhold

Opninga av Kvivsvegen vil bety fleire tusen færre reisande frå Anda

Halve trafikkgrunnlaget kan forsvinne frå Sandane lufthamn når Kvivsvegen opnar. Widerøe trur likevel ikkje det skal ha noko betydning for rutetilbodet.

Ørsta-Volda lufthamn og Sandane lufthamn

STOR VEKST: På flyplassen i Ørsta-Volda etter opninga av Kvivsvegen, medan det går andre vegen for Sandane lufthamn.

Foto: Montasje/Ottar Starheim / NRK

Den 22. september opnar Kvivsvegen mellom Grodås i Nordfjord og Kalvatn i Volda. Vegen betyr ein heilt ny kommunikasjonsmessig kvardag for folk i området, noko som også vil ha innverknad for flytrafikken.

Kjetil Årøen, som er Avinor sin ansvarlege ved flyplassen mellom Ørsta og Volda, seier dei vil få mange passasjerar som før har reist frå Sandane. Årøen seier det truleg er snakk om mellom 15.000 og 20.000 Nordfjord-passasjerar som etter vegopninga i staden vil bruke Ørsta-Volda.

Det betyr at dei må ha meir plass.

– Det som er utfordringa vår er terminalbygget. Det må bli ei eller anna form for utviding, seier Årøen til NRK.no.

Store forventningar på Sunnmøre

Opninga av Kvivsvegen er etterlengta for mange. Innbyggjarane i indre Nordfjord kjem brått veldig nær ein region med 45.000 innbyggjarar, beståande av kommunane Volda, Ørsta, Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.

Å bu i Hornindal eller Stryn og jobbe på søre Sunnmøre vil ikkje bli noko problem, og det vil bli kortare reisetid til flyplassen i Ørsta enn til Anda.

Odd Magne Vinjevoll, næringssjef i Ørsta, reknar med ei sterk tilstrøyming av nordfjordingar.

– Det er heilt tydeleg at folk ifrå Nordfjord posisjonerer seg både i forhold til fly og arbeidsregionen i dette området, seier han og vedgår at dei har store forventningar til vegopninga.

– Ja, vi har forventningar og tek i mot alle som vil kome å reise her.

Ørsta/Volda utvidar rutetilbod

I 2000 hadde flyplassane på Anda og i Ørsta om lag like stor trafikk, men mykje har skjedd sidan den tid. I fjor hadde Anda 36.000 reisande medan nær 100.000 reiste via Ørsta Volda Lufthamn.

Med Kvivsvegen på plass er det forventa at nærare 120.000 nyttar flyplassen i Ørsta neste år. I samband med den nye vegopninga vil det også bli oppretta ei ny direkterute frå Ørsta, seier Årøen.

– Frå september har Widerøe direktefly til Bergen, fire gonger i veka, seier Årøen.

Ikkje avgjerande for eksistensgrunnlaget

Dersom nedgangen på Anda skulle bli like sterk som den forventa auken i Ørsta, vil flyplassen i Nordfjord sitje igjen med om lag 20.000 reisande.

Informasjonssjef i Widerøe, Rikard Kongsteien, trur ikkje nedgangen på Anda blir så sterk, men er klar på at talet på reisande via flyplassen i Nordfjord vil gå nedover.

– At det blir ein lekkasje til Sunnmøre frå Sandane, det trur vi også. Men no er det slik at tal på passasjerar ikkje er avgjerande for om ein flyplass har eit eksistensgrunnlag eller ikkje, seier Kongsteien.

– Investeringar, vel vitande om veg

Richard Kongsteien, Widerøe

STORE INVESTERINGAR: Richard Kongsteien i Widerøe meiner departementet har sagt sitt om framtida til Sandane lufthamn då dei valde å investere over 100 millionar der for kort tid sidan.

Foto: Widerøe
Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal.

HAR TRUA: Ordførar Anders Ryssdal trur det også i framtida vil vere reisande frå Anda.

Foto: NRK

Han viser til at avgjerda om kor vidt flyplassen skal haldast oppe eller ikkje handlar om politisk vilje og samfunnsmessige behov.

– Eg meiner at Samferdsledepartementet har sagt det dei meiner om Sandane, ved at dei har investert over 100 millionar kroner der for kort tid sidan.

– Vel vitande om at det på sikt kom ein veg som ville ta vekk ein del av trafikken, seier informasjonssjefen vidare.

Ordførar har trua på framtida

Sjølv om det altså kan sjå ut til at fleire tusen reisande forsvinn frå Sandane trur ikkje Kongsteien at det skal ha noko å seie for rutetilbodet.

– Erfaringsmessig så har det ikkje så veldig mykje å seie. Det finst flyplassar i Norge med 3800 passasjerar i Norge og det er veldig mange flyplassar med mindre enn 15.000 passasjerar per år som likevel har eit bra rutetilbod, seier Kongsteien.

Ordførar i Gloppen. Anders Ryssdal, trur ikkje trafikknedgangen blir så sterk som mange trur.

– Eg trur at vi også i åra som kjem vil ha god trafikk frå Sandane lufthamn. Rett nok er vi avhengige av gode flyruter, men då vil også folk bruke flyplassen.