NRK Meny

Vedvik vart førstemann frå fylket under åtte minutt på 3000-meter

Marius Vedvik frå Førde vart klokka inn til 7.58.91 på 3000-meteren under Bislett Games i kveld. Det har ingen andre frå Sogn og Fjordane gjort før han.

Friidrett, Diamond League, Bislett Games 2017, Bislett Stadion.

Marius Vedvik under 3000-meteren på Bislett.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Friidrett, Diamond League, Bislett Games 2017, Bislett Stadion.

ANDREPLASS: Marius Vedvik (bakerst) kjempa seg inn under 8.00, men måtte sjå at lagkamerat Per Svela var sterkast på oppløpet.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Eg har hatt som mål å springe under åtte minutt i tre år. Så no satsar eg på å greie det og samstundes vinne heatet, sa Vedvik til NRK timar før rekordforsøket.

Han klarte ikkje å vinna heatet, det gjorde lagkamerat Per Svela, men Vedvik sette likevel ny personleg rekord med tida 7.58,91.

Men sjølv om Marius Vedvik mange gonger har sprunge under den gjeldande krinsrekorden for Sogn og Fjordane, så vil den 38 år gamle rekorden til Svein Førde frå Breim IL på 8.13.1 bli ståande. Grunnen er at Vedvik spring for Gular i Bergen.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar