NRK Meny
Normal

Knallar til mot friidrettsforbundet

– Norges friidrettsforbund og Olympiatoppen bremsar utviklinga til norske toppidrettsutøvarar fordi dei er elendige på oppfølging og tilrettelegging, og fordi dei kommuniserer dårleg med utøvarane, seier Marius Vedvik.

Marius Vedvik i tet på 10.000 meter

HARDT UT: Nyslegen norgesmeister på 5000 meter, Marius Vedvik, rettar knallhard kritikk mot Norges Friidrettsforbund spesielt og Olympiatoppen generelt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Langdistanseløparen frå Førde legg breisida til etter at konkurrenten Sondre Nordstad Moen gjekk til eit sjeldan angrep mot toppane i norsk idrett.

Nordstad Moen sa til Adresseavisen at idrettsleiarane er «så knytt til kvarandre, at viss du fjernar ein så må du fjerne alle». 25-åringen hevdar at «det er for mange som får stillingane sine fordi dei er kompisar av tidlegare tilsette». Til VG seier han at ein ny kurs i idretts-Norge er heilt umogleg med dei same menneska på toppen.

Støttar konkurrenten

Onsdag gjekk Marius Vedvik ut på Instagram med full støtte til sin argaste konkurrent.

«100 prosent einig med Sondre i at drifta og organiseringa av Olympiatoppen ikkje er god nok. Mangelfull oppfølging, tilrettelegging og utydelege kommunikasjonsliner mellom utøvarane og Olympiatoppen er ein brems for utviklinga til norske toppidrettsutøvarar», skriv han.

Breiside på Instagram mot idrettstoppane

UTBLÅSING: Marius Vedvik tok til Instagram for å støtte konkurrenten i kritikken mot idrettstoppane.

Foto: Skjermdump frå Instagram

– Ikkje vilje

Og om Norges Friidrettsforbund skriv Vedvik at dei har korkje «økonomi eller vilje til å følge opp og legge til rette for at norske utøvarar skal hevde seg internasjonalt. Vi utøvarar må sjølvsagt gjere det beste ut av vår situasjon, men eg skal vedgå at det hadde vore fint med betre rammevilkår og oppfølging (...) til dei som er EM, VM og OL-aktuelle», skriv Vedvik.

Til NRK utdjupar han:

– Vi som er tatt ut på landslag får gjerne vere med på to-tre samlingar, som er bra, men så er det stopp. Vi får ikkje noko støtte utover det, heller ikkje økonomisk. Eg har ikkje noko imot personane som jobbar i forbundet. Men greia er at vi får liten støtte til å drive toppidrett. Vi går på sjølvstyr i klubbane og får ikkje støtte i den dagleg treninga, seier Vedvik.

Han meiner uttaket av Sondre Nordstad Moen er eit døme på kor dårleg det fungerer.

– Sondre sprang tidleg på 2.12 medan internasjonale krav var 2.17. Likevel fekk han seint klarsignal om han skulle til OL. Dermed fekk han ikkje førebudd seg godt nok. Sindre Burås som sprang 5000 meter på 17.11 i fjor, får heller ikkje støtte frå Olympiatoppen, hevdar Vedvik.

Mindre til administrasjon

Og han legg til:

– Det blir brukt mykje pengar på administrasjon. Kanskje desse pengane burde vore brukt meir på utøvarane, seier løparen.

Marius Vedvik har i år teke steget opp til å bli ein av Norges beste langdistanseløparar. Han vann NM på 5000 meter i august, og har NM- og Nordisk-titlar frå 2014. 17. september vart han norsk meister i maraton med å vinne Oslo maraton.

Presidenten i friidrettsforbundet, Tore Hordnes, seier at forbundet manglar hovudsponsor, men at forbundet gjer det beste ut av midlane dei har. Han er likevel ikkje heilt samd i kritikken til Vedvik.

Norges Friidrettsforbund skal ikkje vere Norges største klubb. Jobben med å få fram utøvarar har og må fortsatt skje i klubbane. Marius har Arne Risa som trenar og eg meiner han er i gode hender.

– At vi ikkje har vilje til å tilrettelegge for at utøvarar skal hevde seg internasjonalt, er eg ikkje samd i. Vi har til dømes nett brukt mykje pengar på eit halvmaraton i Amsterdam for å gje utøvarar internasjonal matching, seier Hordnes, som gjerne set seg ned med Vedvik og Nordstad Moen for å drøfte kritikken.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.