Hopp til innhold

Vedvik klar og motivert for knallhard satsing

Med berre tre års satsing bak seg, tok Marius Vedvik i helga sitt første NM-gull i friidrett. No skal han satse endå hardare, med OL i Rio om to år som første mål.

Marius Vedvik på 10.000-meter i NM

TØFT: 10.000-meteren vart tøff for Vedvik, som hadde NM-gullet på 5000-meter i beina då han sprang.

Foto: Rune Fossum / NRK

Men då må Vedvik først slå prestasjonane til sin eigen trenar og førebilete, Arne Risa. Og det er enklare sagt enn gjort.

– Han var jo i OL to gonger, og det kunne vore tre gonger. OL i Rio kjem kanskje litt for raskt til at eg kan hevde meg, men i OL i 2020 er eg med i toppen, seier ein sjølvsikker 22-åring.

Han er heilt klar på at trening vil verte livet hans dei neste åra.

– Det krev to økter kvar dag dei neste seks åra. Det krev sitt, men eg har sett meg mål og eg veit kva som skal til for å nå dei. Eg er veldig motivert; eg har aldri vore meir motivert enn no.

Noko stort på gang

Marius Vedvik har blitt karakterisert som ein komet, ettersom han berre har satsa i tre år på langdistanse. I helga tok han sitt første NM-gull på 5000-meteren med tida 14.16 etter eit spurtoppgjer. På 10.000 gjekk det litt tyngre med den halve distansen i beina.

Arne Roald Risa

TRUR: Trenar Arne Risa trur på eleven sin, og meiner Vedvik bør ta hans tider neste år.

Foto: Rune Fossum / NRK

Og trenaren hans er ingen ringare enn Arne Risa: OL-deltakar to gongar – med åttandeplass som beste resultat i Mexico 1968. Han har også ein sjetteplass frå EM og heile sju NM-gull.

Bergensaren Risa har stor tru på eleven – som han trur slår seg sjølv ganske snart.

– Han har jo allereie 1500-meter tida mi, sjølv om den eigentleg var dårleg. Den har han knust. 3000 har han så vidt kome under. Han manglar litt på 5 og 10 tusen enno, men dei tek han forhåpentlegvis neste år, seier Risa.

Må under 28 blank

Med eit sekund betre per runde på dei 25 rundane på 10.000-meter tek han tida til Risa.

– Eg trur han klarer det. Han bør klare det om han skal kome seg vidare før OL. Der er krava steinharde for å vere med, seier Risa.

Vedvik sin personlege rekord er på 28.48, 72 sekund betre enn i fjor. Han må nok ned mot 28 minutt på mila om han skal ha håp om OL-deltaking. Då må han forbetre bestetida si med 50 sekund.

– Det er realistisk. Nordmenn har sprunge fort og under 28 blank tidlegare. Dei har eg kontakt med og hentar impulsar frå. Det er slett ikkje usannsynleg at det skal gå. Kor langt han kan nå får tida vise, det er litt av spenninga, seier Risa.

Det er 24 år sidan sist ein nordmann sprang under 28 blank på 10.000. Det var storløparen Are Nakkim som gjorde det.

Skal trene meir og konkurrere mindre

For å klare å gjere det same som Nakkim skal Vedvik trene endå meir – og konkurrere mindre.

– I år har det vorte 180 kilometer i veka i snitt, 60 kilometer meir enn i 2012 og 2013.

180 kilometer i veka over seks år vert ikkje mindre enn 56.000 kilometer (!), eller rundt 23 gonger avstanden Lindesnes-Nordkapp, ifølgje den køyreruta gulesider anbefaler.

Og han har tenkt å halde på lenge med den knallharde satsinga. Han vil satse fram mot OL i 2024, då han vil vere 32 år.

– Då må eg vurdere korleis karrieren er, og etter kvart gå over til motbakkeløp. Eg har eit tiårs perspektiv. Mykje kan skje, men det er utgangspunktet mitt. Eg skal gjere det som er mogleg for å springe fortast mogleg, og hevde meg internasjonalt og ta så mange NM-gull som mogleg, seier Vedvik.

– Eg er motivert for ti års knallhard jobbing.

Marius Vedvik vinn spurtduellen på 5000 meter og vinne NM-gull på Jessheim i 2014.