NRK Meny
Normal

Vedvik berre nøgd med å fullføre

Marius Vedvik sprang inn til 14. plass i EM-debuten på 10.000 meter. – Eg er berre nøgd med å fullføre, seier han.

Marius Vedvik

SKUFFA: Marius Vedvik var skuffa over eigeninnsatsen på dagens 10.000 meter i EM. – Eg skuffa i dag, men eg kjem sterkare tilbake om to år, seier han.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

I alt 18 løparar stilte i heatet, og det viste seg å bli ein tøff EM-debut for førdianaren.

Vann gjorde Mo Farah (Storbritannia) etter ein spurtduell med landsmannen Andy Vernon og tyrkiske Ali Kaya.

– Dei første 5.000 kjendes greie ut og eg passerte på skjema. Så mista eg gruppa, og det vart tungt dei siste ti rundane, seier Gular-løparen til NRK etter målpassering.

– Veldig, veldig trøytt

Vedvik har på få år teke steget heilt i landstoppen på favorittdistansen. Men løpet i Zürich gav ei tid langt frå persen på 28.48.

Vedvik fortel at han hamna i eit vakum og kom heilt ut av teknikken etter dei første 5.000 meterane. Trøysta var å springe distansen 20 sekundar raskare enn i fjor.

– Med ti rundar att var eg veldig, veldig trøytt. Det var skuffande det eg gjorde i dag, men eg er nøgd med at eg heldt koken og sprang inn til 14. plass, seier han.