Hopp til innhold

Vedvarande mobbing i halvparten av kommunane

13 kommunar i fylket får ekstra oppfølging frå Fylkesmannen på grunn av vedvarande mobbing gjennom fleire år.

Mobbing

MOBBING: Elevundersøkinga syner at mange elevar blir mobba i skulen. På bakgrunn av undersøkinga blir halvparten av kommunane i fylket følgde ekstra nøye opp, for å sjå korleis dei handterer mobbesaker.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Vi har følgt opp 13–14 kommunar, der vi har dialog med kommuneleddet og ut mot rektorane for å få skissert kva tiltak og tankar dei gjer seg kring statistikken, fortel utdanningsdirektør hjå Fylkesmannen, John Ole Vange.

Den spesifikke oppfølginga av kommunane og skulane skjer på bakgrunn av Elevundersøkinga, der elevar mellom anna rapporterer om skulemiljø og mobbing. Dei siste tala frå undersøkinga synte at 5,1 prosent av 7. klassingane og 3,3 prosent av 10. klassingane i fylket blir mobba to-tre gonger i månaden.

Tal som Utdanningsdirektoratet la fram i november, synte også at Skei (Jølser), Lærdalsøyri, Selje, Torvmyrane (Flora) og Hornindal skular er av dei 250 skulane i landet med høge mobbetal over tid.

Rektor ved Skei skule, Gerd Sunde Førde, seier tullesvar frå nokre elevar i ei undersøking har ført til dei høge tala, men understrekar at skulen jobbar for å få bukt med mobbing.

– Vi jobbar med det førebyggande, vi har ein sosial kompetanseplan, vi jobbar medvite med sosiale mål i kvar klasse, og vi har tiltaksplan mot mobbing som skal fylgjast. Vi jobbar og medvite med personalet.

Kommunane og skulane som blir følgde opp av Fylkesmannen scorar i øvre sjiktet på nokre utvalde spørsmål knytt til emnet.

– Vi vurderer og snakkar med dei om kva jobb dei legg ned for å løyse enkeltsakene som syner seg i statistikken, fortel Vange.

Trur ikkje fleire blir mobba

Talet på mobbesaker som blir melde inn til Fylkesmannen har auka, frå tre i 2011 til 14 i 2014. Fylkesmannen har dei siste fem åra gjennomført om lag 50 tilsyn innanfor temaet.

Fleire stader i fylket har det siste åra vore oppe alvorlege mobbesaker. Høyanger kommune fekk, som første kommune i landet, bot for ikkje å ha gjort nok for å hindre mobbing. I Vågsøy blir ei mobbesak no etterforska av politiet. Også i Naustdal har barne- og ungdomsskulen hatt vedvarande problem med mobbing.

Trass i fleire saker på bordet, er hovudinntrykket at kommunane og skulane er blitt flinkare til å handtere mobbesaker.

– Det ligg nok ein del i høve bevisstgjering i alle ledd, om kva rettar foreldre og elevar har. Det er ikkje teikn på meir mobbing som så, men ei mobbesak er ei for mykje, understrekar Utdanningsdirektøren.

Vange trur også skulane har blitt flinkare til å formalisere det første møtet mellom skule, foreldre/føresette og elev, slik at ein fått ein god dialog og er betre rusta til å løyse utfordringane.

– På generell basis ser vi betring på feltet, men det kan vere ein veg å gå for enkelte framleis, seier Vange.