Hopp til innhold

Vedtok nedlegging av Ljøsne skule

LÆRDAL: Skulen vart vedteken nedlagt med eit knapt fleirtal, med ni mot åtte stemmer.

Røysting om skulenedlegging på Ljøsne

TOK TIL TÅRENE: Gruppeleiar Gro Starheimsæter (i svart) klarte ikkje å samle senterpartigruppa, og ei senterpartirøyst vart difor tunga på vektskåla. Det er trass i at partiet gjorde eit brakval i fjor haust etter å ha lova å halde på skulen.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Då ordførar Jan Geir Solheim (Sp) slo klubba i bordet var nedlegginga eit faktum. Kommunestyret vedtok nedlegging av Ljøsne skule for skuleåret 2017-2018 på eit møte i føremiddag.

Salen var fullsett av foreldre, lærarar og politikarar. Det var ikkje ei lett sak for nokon, sa fleire av talarane i debatten.

Representantane frå Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre stemte for nedlegging. Det gjorde også ein representant i Senterpartiet.

Røystinga vart avgjort med knappast mogleg fleirtal, med ni mot åtte stemmer.

– Eg beklagar at vi ikkje får samla gruppa. Men vi har aldri i nyare tid bundne nokon i gruppa, og vi kjem ikkje til å gjere det no heller. Det er også splitting innad i Arbeidarpartiet og Venstre, og det er eit tankekors i denne saka, seier Stein Vidar Nemeth frå Senterpartiet i Lærdal.

Ap: – Idealisme mot realisme

Kommunestyret var prega av at det å legge ned skulen på Ljøsne er ei vanskeleg sak for mange.

Leiar for Arbeidarpartiet i Lærdal, Kåre Menz Lysne, argumenterte for at han ikkje kan ignorere den økonomiske situasjonen til kommunen.

– Det er viktig for meg at vi vedtek ein samla plan og ser konsekvens for alle elevane, sa Lysne om Arbeidarpartiet sitt vedtak.

Å legge ned skulen på Ljøsne skal spare inn 4,8 millionar, seier rådmannen.

Arbeidarpartiet argumenterer for at alternativet er ein ostehøveltaktikk, der ein tek litt her og der vi skade skulane meir.

Redd for ringverknadar av å legge ned skulen

Anders Voll Eltun (Sp) meinte at å legge ned skulen gjer at Ljøsne og Lærdal blir mindre attraktive for tilflyttarar. Han og fleire nemner dei er bekymra for at nedlegging av skulen kan få ringverknader.

– På Ljøsne ligg det til rette for vekst, med planar om bustadfelt med mange einingar. Om vi legg ned skulen kan det bli eit argument for at vi ikkje få tunnel, men heller utviding av vegen. Det kan ta landbruksareal, og igjen gjere det mindre attraktivt å bygge bustadar, meinte Eltun.

Gruppeleiar Gro Starheimsæter i Senterpartiet meiner tanken om å legge ned skulen for å spare pengar no er kortsiktig.

Sjølv er ho idealist i skulesaka.

– Eg trur ikkje folk kjem til å slutte å busette seg på Ljøsne. Men vi seier noko om kven vi vil skal busette seg der. Det blir mindre attraktivt for familiar med barn om det ikkje er skule i nærmiljøet, seier Starheimsæter i debatten.