NRK Meny
Normal

Vedtek bot for utslepp av bly

Eras Metal i Høyanger vedtek no bota på 300.000 kroner for utslepp av store mengder bly i Høyangsfjorden.

Eras Metall i Høyanger
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

SFT melde Eras Metal AS i Høyanger i til politiet for ulovleg utslepp av 15 tonn slurry til Høyangsfjorden. Verksemda har no vedteke politiet si bot på 300.000 kroner.

125 kilo bly rett i fjorden

Eras Metal AS hadde i september 2006 eit større akuttutslepp då 14,7 tonn slurry frå produksjon av sinkoksid rann ut i Høyangsfjorden. Over 4 tonn av slurryen var såkalla ERAS-oksid, som etter analyse viste seg å innehalde ca. 125 kilo bly. Det er 12-13 gonger meir bly enn det bedrifta hadde løyve til å sleppe ut årleg.

Alvorleg utslepp


SFT skriv i ei pressemelding at dei såg svært alvorleg på hendinga fordi utsleppet av bly til Høyangsfjorden var ein alvorleg miljøtrussel. Bly blir akkumulert i miljøet og blir teke opp av blant anna sjødyr, slik at tilførsle av bly i denne storleiken er svært uheldig for tilstanden i fjorden. SFT melde derfor bedrifta til politiet.

Sogn og Fjordane politidistrikt ga Eras Metal AS i høst ei bot på 300.000 kroner for utsleppet. Verksemda har no vedteke bota.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå