Hopp til innhold

– Det er ikkje rart vi blir litt på tuppa og handlar i affekt

Avlivingstruga hundar blir bortført og i sosiale medium er det sterk hets mot blant anna poitiet. Vi blir styrt av kjenslene våre og blir irrasjonelle, seier forskar.

Facebook-kommentarar og Nala

KOMMENTARFELT: Avlivingsvedtaket har skapa eit sterkt trykk i sosiale medium. Mange av kommentarane er sterkt kritiske til politiet sitt arbeid.

Foto: Privat / skjermdump

Kamilla Knutsen Steinnes er psykolog og forskar på kva kjensler dyr vekkjer i oss menneske.

– Hunden er eit kjæledyr dei fleste har eit nært forhold til, og mange gjer hunden menneskeleg, seier Steinnes, som jobbar ved Oslo Met.

– Og då er det er ikkje rart at vi blir litt på tuppa og handlar i affekt, seier ho.

Forskaren meiner merksemda rundt Nala i sosiale medium minner om det vi ser i ulvedebatten.

Fått tilbod om hjelp

Natt til måndag var Nala borte vekk. Eigar Tommy Fredriksen seier han ikkje veit korleis det har skjedd.

– Men magekjensla mi seier at ho er hjå dyrevener.

Også før Nala forsvann fekk han mange tilbod om «hjelp» med bortføring av hunden, som beit i hel ein sau tidlegare i haust.

– Eg har fått eit utal av tilbod frå folk eg ikkje kjenner, om det eine og det andre. Eg har sjølvsagt ikkje svara på noko av dette, seier Fredriksen.

Det er ikkje første gongen dette har skjedd. Hunden Bob vart teken i sommar av ein mann som var ueinig i høgsterettsdommen om at Bob skulle avlivast. Bob har sidan då ikkje blitt funnen att, og mannen vart sikta for bortføring.

Då sa eigar Arild Nyrud at han hadde blitt kontakta av fleire dyreaktivistar som ville hente hunden, men at han aldri bad nokon om å gjere det.

Kommentarar til juridisk vurdering

I sosiale medium har trykket vore stort etter at Nala-saka vart omtala. Den store majoriteten av dei fleire hundre kommentarane er kritiske til politiet sitt arbeid. Nils Ove Roset ved Gloppen lensmannskontor synest temperaturen i denne saka har gått for langt.

– Eg byrjar å lure på kva dette er for noko, og kva oppdragande effekt dette har på born og unge, seier han.

Roset har sett seg nøydd til å levere delar av kommentarane til juridisk avdeling i politiet.

– Eg har sendt over ein del av det eg har sett. Det er for å få ei vurdering om dette er straffbart, seier Roset.

I skrivande stund er det Politidirektoratet som held i sjølve avlivingsvedtaket, fordi Tommy Fredriksen klaga det inn. Gloppen lensmannskontor utfører det som direktoratet bestemmer.

Legitim motstand mot hundelova

Dyrerettsorganisasjonen NOAH tek avstand frå all mogleg hets på nettet, men vil ikkje forminske engasjementet rundt avlivingsvedtak.

– Engasjementet mot måten hundelova blir praktisert på og for dyr som blir urimeleg vedtekne avliva er veldig stort, seier leiar Siri Martinsen.

– Kan eit slikt engasjement ta overhand?

– Nei, engasjementet for dyr er heilt rettkome. Engasjementet mot feilaktig maktutøving av politiet er heilt naudsynt, seier ho.

NOAH legg Tommy Fredriksen si forklaring til grunn i Nala-saka, og reknar hendinga som eit uhell.