Hopp til innhold

Naudsynt vedlikehald nattestengjer E39-samband

Ferjesambandet Lote – Anda blir i neste veke stengt to netter på grunn av vedlikehaldsarbeid.

Problem på ferjestrekninga Anda-Lote

INNSTILLER: Ferjesambandet Lote–Anda har i haust hatt fleire innstillingar. Stenginga i neste veke er derimot planlagd.

Foto: Sigurd Reksnes

Natt til onsdag 21. desember og torsdag 22. desember skal ferjekaibrua på Lote utbetrast.

Det gjer at ferja som trafikkerer sambandet Anda-Lote må innstillast så lenge arbeidet går føre seg, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Audun Borlaug i Statens vegvesen seier det er naudsynt vedlikehald på eit av dei største ferjesambanda i fylket.

– Vi veit at det er ikkje populært å innstille ferjer i eit så trafikkert samband som Anda-Lote, men i eit ferjesamband med så hyppige avgangar er det stor slitasje på utstyr og materiell. Dette krev ettersyn og vedlikehald, seier han.

– Slike tiltak vil naturlegvis føre til ulempe for dei reisande som nyttar sambandet, men arbeidet er viktig for å halde oppe sikker drift av kaianlegga våre, legg han til.

Moglege omkøyringsalternativ er både ferjesambandet Stårheim–Isane, eller å køyre om Stryn til Byrkjelo.