NRK Meny
Normal

Knapt ute av kasjotten før han fekk ny fengselstraff

20-åringen hadde ikkje sona ferdig ei tidlegare straff då han i narkorus stal med seg rubbel og bit frå parkerte bilar.

Fjordane tingrett

HADDE 33 DAGAR FENGSELSSTRAFF ATT: Ein notorisk småkriminell 20 åring var ute på prøve då han braut seg inn i bilar og stal det han fann. I tillegg oppbevarte og brukte han narkotika.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Mannen frå Sunnfjord sa seg i Fjordane tingrett skuldig i fleire lovbrot. Han er tidlegare dømd for ei rekkje vinnings- og narkotikarelaterte lovbrot.

Notorisk kriminell

I dommen blir det vist til at det før har gått svært kort tid frå domfelte blir lauslaten til han gjer nye lovbrot. Denne gongen var mannen også ute på prøve frå fengselet då han gjorde ny kriminalitet.

I oktober i år vedgjekk mannen fem simple tjuveri frå ulåste privatbilar. Han stal med seg sekk, handduk, høyretelefonar, lommebok, portopnar, alkotest, leidning til radio, Ray-Ban solbriller, ei Goretex-jakke, bilnøkkel, statoilkopp, treningsjakke og mobilladar.

Narkobruk og oppbevaring

Mannen vedgjekk også å ha brukt Subutex, rivotril, hasj og amfetamin då han stal alle gjenstandane.

I tillegg vedgjekk mannen at han tidlegare i haust oppbevarte 26 gram marihuana og hasj, og ved eit seinare høve fann politiet ca. 4 gram amfetamin og ca. 20 g marihuana.

Mannen vedgjekk alle forholda han er domfelt for, og er i Fjordane tingrett dømd til seks månadars fengsel.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.