Hopp til innhold

Vedgår medisintjuveri

Ein av dei to mistenkte for medisintjuveri i Helse Førde har innrømt tjuveri.

Medisinbrett
Foto: Arild Sandsvik / NRK

Det seier fylkeslege Petter Øgar.

Petter Øgar.

Petter Øgar

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Svært alvorleg

Han seier to personar no blir etterforska av politiet.

- I den eine saka så er det ein person som har vedgått å ha forsynt seg av medisinar. Og i den andre saka er ein person i søkjelyset, men den saka er ikkje avslutta, seier Øgar.

Øgar meiner sakene er svært alvorlege.

- Vi ser svært alvorleg på dette. Når helsepersonell har problem går det ut over korleis dei oppfører seg på arbeid. Og vi har jo sett eksempel på at helsepersonell har bytta ut innhaldet på medisinflasker med anna stoff. Då er det fare for at pasienten ikkje får den rette dosen, forklarar Øgar.

Kan aldri vere sikker

- No har Helse Førde hatt fleire slike saker på kort tid, har dei god nok kontroll?

- At dei som tek medisinar vert avslørt kan tyde på at dei er observante på dette. Men ein kan aldri vere sikker. Vi veit at Helse Førde har gått grundig gjennom rutinane sine.

For helsepersonell som stel medisin, er konsekvensane store.

- Dei vert fråtekne autorisasjonen sin, så dette har store konsekvensar for dei det gjeld, seier fylkeslegen.