NRK Meny
Normal

Vedgår kontakt med motparten

Det var kommunestyrerepresentant Asgeir Solheim frå Senterpartiet som var i kontakt med Alf Tande Petersen sin advokat.

Asgeir Solheim
Foto: Håkon Eltvik / NRK

Dette stadfestar Solheim sjølv overfor NRK.

Det har tidlegare vore kjent at ein folkevald i Vågsøy i politiavhøyr har tilstått at han har vore i kontakt med advokaten til Tande Petersen før partane skulle i rettsmøte. Og no vedgår altså Solheim at det var han sjølv som var i kontakt med advokaten.

Klappjakt etter "sladrehank"

Det har tidlegare vore kjent at ein folkevald i Vågsøy i politiavhøyr har tilstått at han har vore i kontakt med advokaten til Tande Petersen før partane skulle i rettsmøte. Og no vedgår altså Solheim at det var han sjølv som var i kontakt med advokaten.

Det var ordførar Roger B. Silden som melde saka til politiet, etter at Tande P sin advokat vedgjekk at han hadde fått informasjon frå eit møte der formannskapspolitikarane hadde drøfta strategien før rettsmøtet.

Skulle lage film

Tande P. vart leigd inn for å lage ein film om seglskutefetsen tall Ships Races i Måløy i sommar. Man samarbeidet mellom Tande P. og kommunen skar seg, og Tande P. kravde om lag 600.000 kroner frå kommunen.

Dagen før saka skulle i retten, arrangerte Vågsøy kommune eit lukka formannskapsmøte der det vart informert og kvar saka stod. Vidare vart det diskutert kor langt ein var villig til å strekkje seg overfor Tande P.

Var ikkje i formannskapet

Og det er informasjon frå dette møtet Solheim blir skulda for å ha leke. Solheim deltok ikkje sjølv på møtet, men blir skulda for å ha fått ut informasjon frå andre som deltok på møtet, og gjeve dette vidare til advokaten.

Solheim avviser på si side at han lar leke sensitiv informasjon til motparten.

- Eg kan ikkje forstå at eg skulle fortelje noko som helst, dette var ein rein privat informasjonsflyt for å få vite kva som hadde føregått. Kvifor ordføraren melder dette, veit eg ikkje. Om det er for å flytte fokus vekk frå Tall Ships Races så får det vere hans sak.

- Denne kontakten hadde du med advokaten medan rettsforhandlingane føregjekk. Korleis kunne du finne på å gjere det?

- Eg trudde saka var avslutta då eg ringde for å få vite kva som hadde føregått.

- Var det ikkje meir naturleg at du tok kontakt med ordføraren eller advokaten til kommunen?

- Det kan hende.

- Fell på si eiga urimlegheit

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy.

Ordførar Roger B. Silden

Foto: NRK

Ordførar Roger B. Silden avviser at han melde lekkasjane frå det mykje omtalte formannskapsmøtet til politiet for å få fokus fekk frå Tall Ships Races-skandalen.

Han meiner desse påstandane frå Solheim fell på si eiga urimlegheit. Silden meiner elles at Solheim burde vedgått kontakten med advokaten til Tand P på eit langt tidligare tidspunkt.

- Eg tykkjer det er synd at han ikkje sa dette tidlegare og at det gjorde at eg måtte melde saka til politiet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.