Hopp til innhold

Fleire pågripne i narkotikasak i Sogn

Fleire personar er pågripne i samband med ein narkoaksjon i Sogn. – Vi ser ikkje vekk ifrå at det kan bli fleire pågripingar, seier lensmann i Sogndal, Åge Løseth. Ein person har vedgått kjøp, oppbevaring og sal av ei mindre mengde narkotika.

Lensmann Åge Løseth

LEIAR: Lensmann Åge Løseth ved Sogndal lensmannskontor leiar narkotikaaksjonen i Indre Sogn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Åge Løseth er svært ordknapp om aksjonen han leiar mot eit narkomiljø i Indre Sogn.

Lensmannen i Sogndal stadfestar likevel at det er gjort pågripingar og gjort beslag i saka.

– Eg kan berre stadfeste at vi er heilt i starten av ein etterforskingsfase i ei narkotikasak. Eg kan stadfeste at det pågripe personar i Indre Sogn i samband med saka, men kan av omsyn til etterforskinga ikkje seie noko meir på noverande tidspunkt, seier han.

Fleire kan bli pågripne

Løseth vil ikkje svare på om dette er ein aksjon som har vore planlagd i lengre tid, eller kvar i Sogn aksjonen er retta. Fleire lensmannskontor skal

Han vil heller ikkje kommentere storleiken på beslaga, tal pågripne eller kva stoff det er tale om. Han grunngjev dette med at dei er heilt i startfasen og at med omsyn til etterforskinga kan vere lurt å halde korta tett til brystet.

– Vi kan ikkje ser ikkje vekk ifrå fleire pågripingar, seier Løseth.

Fann hasj og marihuana

Advokat Louis Anda

FORSVARAR: Louis Anda.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ingen er så langt framstilt for varetektsfengsling i saka. Vakthavande politijurist, Anette Stegegjerdet Norberg, seier dette er eit spørsmål dei vil ta stilling til fredag.

Advokat Louis Anda er forsvarar for ein av pågripne sikta i saka. Vedkommande, som er i 30-åra, vart pågripen med kring 300 gram hasj og 150 gram marihuana i heimen.

Beslaget har ein marknadsverdi på kring 80.000 kroner. Anda vedgår at beslaget er høvesvis stort.

– Min klient har erkjend oppbevaring av ei viss mengde narkotika, og vidaresal av ei mindre mengde som veneteneste. Hovudmålet med stoffet var eige bruk, og ikkje sal, seier Anda og legg til.

– Han har gjeve forklaring og ventar å bli sleppt fri i løpet av dagen.