Hopp til innhold

Vedgår innbrot i samfunnshuset

To menn frå Sunnfjord har vedgått å stå bak innbrotet i samfunnshuset på Skei tidlegare i år.

Under innbrotet fekk tjuvane med seg verdiar for mellom 50.000 og 100.000 kroner. Mellom anna vart ein del musikkutstyr stole.

Lensmann i Jølster, Knut Skurtveit, seier dei har gjennomført fleire ransakingar mot konkrete adresser både i Jølster, Førde og ein stad i Nord-Norge.